Opent brev til Erna Solberg og Bengt Høie: - Skal dei svakaste av dei svake tape i vaksinekø?

08.04.2021, 08:47

1 kommentar

 

Skal dei svakaste av dei svake tape i vaksinekø?

 

Av Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen, foreldre og verjer

 

Kjære Erna og Bent!

 

Alt før nyttår var kommuneoverlegen og administrasjonen i Molde kommune samde om at dei som har dei største åtferdsvanskane av alle med utviklingshemming skulle få høg prioritet i vaksinekøa.

Etter lang venting kom kontrameldinga. FHI hadde sett ned foten. Fastsett prioriter ut frå risiko for død skulle gjelde. FHI ville ikkje prioritere menneske som lettare enn andre kan spreie smitte.

Vi har ein vaksen son med infantil autisme og alvorleg utviklingshemming. Han kan ikkje ta vare på seg sjølv og har svært utfordrande åtferd. Av ca. 20 tilsette må to alltid vere hos han – heile døgnet.

Det er ikkje råd å hindre at han kjem i nærkontakt med andre. Han er ikkje verbal; har ikkje språk. Han let seg ikkje dirigere. Han ter seg som ein treåring i vaksen kropp.

Når han blir aggressiv, må tilsette vere i stand til å legge han i golvet, for å hindre skade på han sjølv og andre. Det fører til tett og full kroppskontakt mellom tre menneske, i alt frå nokre minutt, og opp mot ein time.

Viss ein i personalet skulle vere smitta utan å vite det, så blir smitten spreidd til alle i huset. Vikar kan dei ikkje hente frå gata. Vikar treng opplæring, mellom anna i bruk av tvang og makt.

Smittevernreglar veit han ikkje kva er. Derfor kan han vere ein stor smittespreiar, utan at han forstår det. Skulle vi hindre det, så må han setjast i isolasjon utan å vere smitta. Det vil vere eit overgrep.

Blir han smitta, så må han leggjast i kunstig koma på sjukehus. Det vil òg vere eit overgrep. Han er for krevjande til at sjukehuset kan ta vare på han på anna vis.

Alt dette veit kommuneoverlegen og administrasjonen i avdelinga som leverer omsorgstenester i kommunen. Derfor var dei òg overraska då FHI sette ned foten. Kommunen fekk ikkje prioritere vaksinering av menneske med så utfordrande åtferd som sonen vår. FHI forbyr dei å vike frå den nasjonale prioriteringsplanen.

Dette skjer trass i at FHI i sitt eige vaksineprogram skriv om «Andre grupper som kan ha økt risiko». Der står det: «I en god del tilfeller kan ikke risiko for alvorlig forløp av covid-19 forklares av underliggende sykdom og helsetilstand alene, men som et samspill mellom medisinske, sosiale og flere andre forhold

Kjære Erna og Bent. Det kan ikkje vere rett at prioriteringsplanen skal byggje berre på om folk har somatisk liding, høg alder eller høg risiko for død. Det finst folk som kan vere superspreiar av smitte utan at dei forstår det, og slik at kommunen som har ansvar for dei står hjelpelaus utan å få vaksinert desse. Det er dei som er dei svakaste av dei svake.

Fastlegen kan ikkje gjere noko. Kommuneoverlegen har prøvd, men kan ikkje gjere noko. Statsforvaltaren skal sjå på saka, men det tar tid. Vi har vendt oss til FHI. Skal vi vente på FHI, og i verste fall få eit negativt svar? Nei, det kan vi ikkje!

Det er du Erna, og du Bent, som kan påverke FHI til å forstå at dei ikkje kan bruke eitt direktiv til å avvise kommunane, og samstundes sit på eit anna direktiv som opnar for det motsette.

Rydd opp i dette no, Erna og Bengt! Det vil vere til stor hjelp i mange kommunar. Dette gjeld mange menneske.

Del artikkel:

Relaterte artikler