Koronavaksine til utviklingshemma

20.04.2021, 14:01

 

Kom fram no, Torgeir Dahl!

 

Stovner og Trondheim har vaksinert alle med utviklingshemming og personale rundt dei. Det har ikkje Molde. Kvifor?

Det kjem meir og meir fram at vaksinereglane blir tolka ulikt. 

Molde var tidleg ute med eiga prioritering. Den kunne vi ha halde oss til, slik Trondheim og Stovner gjorde.

Kvifor har ikkje Molde våga å stå på eiga standpunkt og vaksinert dei funksjonshemma?

Har det å gjere med at Molde-ordføraren kompromitterte seg sjølv og kommunen med sitt utspel om vaksine tidlegare i år?

Kom fram frå skjulestaden din no, Torgeir Dahl, og vis oss at du er noko til kar!

MAGNHILD BERGHEIM OG TERJE ALBREGTSEN

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler