Gjenbruk

Anne
Anne Erstad

Gjenbruk er regelen i naturen, det er berre vi menneske som har eit avfallsproblem. Planter har ikkje avfall etter fordøying av mat, men nokre av deira eigne celler kan døy og må då resirkulere.

Som i alle fleircella organismar vil plantecellene døy etter kvart. I motsetnad til dyr kvitter ikkje plantene seg med daude celler, dei blir til ved og bark og gir støtte og vern. Til og med eittårige planter har nokre daude celler inn i seg. Karsystemet som fraktar vatn gjennom planta består av daude celler. Alt innhaldet i cellene er borte, det er berre celleveggene som står igjen. Det er opningar i veggene så vatnet raskt kan fraktast frå celle til celle gjennom rota og heilt til topps i planta. Hos fleirårige buskar og tre blir det kvart år danna nye vedceller som blir til kar. Det er det som gjer at stammen og røtene blir tjukkare år for år. Også barken blir fornya kvart år. Den nyaste barken er inst. Den gamle daude barken kan sitte på lenge og vernar då treet.

Også når blad, blomdelar eller frukt detter ned er dette ein kontrollert prosess. Det blir danna arrvev før bladet detter av og då blir det ikkje noko sår der sopp eller bakterie kan trenge inn. Før dei kvitter seg med lauvet tek plantene vare på ein del molekyl, ikkje minst klorofyllet, og mineral. Lauvet inneheld likevel ein god del karbon og nitrogen som gir næring for jordlevande organismar, frå mikroorganismar til makk og sniglar. Dei sørgjer for resirkulering av næringsstoff i neste sesong. Resirkuleringa gir over mange år eit nytt jordsmonn. I tillegg har lauvet og vissent gras ein funksjon med å verne knoppar som ligg nær eller under bakken gjennom å dekke over dei.

Filefjell 2.11.25


Publisert: 28.11.2025, 17:54


Andre artikler