Peppar

Anne
Anne Erstad

Til jul bruker vi mykje sterkt krydra mat, frå pepparkake til julesylte. Peppar, nellik og muskat kjem frå tropiske strøk og var eksklusive og kostbare i gamle dagar. I Romerriket var peppar ei luksusvare, men likevel var det noko «alle» kunne unne seg av og til. Til og med soldatar utplassert i England kunne kjøpe seg litt peppar. Peppar var billegare enn andre krydder som kanel. Roma sendte skip til India for å hente krydderet. Krydderet vart frakta gjennom Raudehavet til ein hamneby i Egypt. Derfrå gjennom ørkenen til Nilen og så nedover Nilen til Alexandria. Frå Alexandria vidare med båt til Roma. Det som fekk meg til å stusse var at dei sendte så mange som 100-120 skip årleg, kvar med 100-200 tonn lastekapasitet. Kjelder frå den tida fortel at trefjerdedel av lasten kunne vere peppar, og så var det nokre tonn med kanel og andre krydder. Kunne dei trenge så mykje peppar?

Folketalet i Roma i det første hundreåret av vår tidsrekning var ca. 50 million. Dersom kvar person bruker 1 pepparkorn kvar dag blir det 1800 tonn peppar pr. år. Den nemnde soldaten kjøpte 160 g peppar og det hadde han råd til. Det tilsvara 4-5 pepparkorn per dag, då er vi opp i 9000 tonn. Vi veit om eit lass på 138 tonn berre med peppar, men båtane hadde ulik storleik, så vi kan rekne kanskje 90 skip for å frakte 9000 tonn. Andre krydder som nard (som vart brukt i salver) var opptil 50 gongar dyrare enn peppar, og skipet hadde med seg berre 80 esker med nard, 

Folketalet i Kina på den tida var omtrent det same, 50 millionar, og dei hadde også fått smaken for peppar og andre krydder. Både Roma og Kina kunne også få kryddera via Silkevegane som hadde forgreiningar til India, men skipa kunne ta med seg større mengder enn karavanane. Peppar veks naturleg sør i India. Kva skulle til for å skaffe 9000 tonn til Roma og sannsynleg like mykje til Kina? 

På 1970-talet var det dyrka 120000 ha peppar i India som produserte 26-30000 tonn pr. år. Vi må rekne med at produksjonen var mindre den gongen og at dei trengte kanskje 60000 ha for å produsere 9000 tonn. Det er mykje arbeid med peppar også etter hausting som må gjerast etter kvart som frukta skiftar farge. Frøa må reinsast og tørkast. 1kg frukt gir 300 g tørka frø. Det er sannsynlegvis for mykje dersom ein reknar at ein indisk familie kunne dyrke så mykje som ein hektar med peppar. Med ein familiestorleik på fire, to vaksne og to barn er då ein kvart million menneske avhengig av peppardyrkinga for å forsyne Roma. Medrekna Kina er det ein halv million menneske. Det må ha vore ein enorm logistikk for å samle og frakte alt krydderet til hamna før det kunne lastast om bord. 

Sjølv om peppar var bulkvaren i frakta mellom India og Roma var det framleis litt luksuriøst. Det kunne vere noko svinn undervegs, og avlingane kunne slå feil som ville gi mangel på peppar i Roma eller Kina. Det gjekk eit år mellom kvar gong skipa kunne hente peppar, og peppar måtte lagrast både i India og i Alexandria. Frå Kina veit vi om hyppige brannar i lagerbygg. Også krigar kunne gjere handelen vanskeleg. På 300-talet var peppar 4 gongar dyrare i Roma enn 200 år tidlegare.

Litteratur

Cobb M.A,, 2013 The reception and consumption of eastern goods in Roman society. Greece & Rome.

Ilyas M., 1976. Spices in India. Economic Botany

Mayer E.E., 2018. Tanti non emo, Sexte, Piper: pepper prices, Roman consumer culture, and the bulk of Indo-Roman trade. J. Economic and Social History of the Orient


Publisert: 12.12.2025, 14:42


Andre artikler