Dei første plantedyrkarane

Anne Erstad
Harro var tørst og sliten. Dei hadde gått i mange dagar i vanskeleg terreng, men i morgon skulle dei kome heim. Han syntest han kjente seg litt att i åsane her. Sekken med salt var tung, men Jael, far til Harro, hadde sagt at han no skulle bere ein manns bør. Harro såg på Abel, han sleit også med sekken sin. Rundt bålet den kvelden sa Jael at det no var slutt på sommaren. Heime skulle dei feire jamdøger og då ville både Harro og Abel bli rekna som vaksne. Harro var både glad og trist, glad for å vere vaksen, men trist fordi det tydde at Abel skulle reise med sin familie.
For eit halvt år sidan, ved jamdøgeret før tørketida, hadde mor til Harro, Jemima, sagt at han snart var vaksen og at han dette året måtte lære seg å leve som dei vaksne. Jemima var den som kunne mest om årstidene og rituala, og som hadde ansvaret for dei årlege festane. Harro og Jael skulle hauste dadlar nede på sletta etter festen og før innhaustinga starta. Det var ei lang reise og for Harro var det ei oppleving å kome ned frå åsane og sjå slettelandskapet med beitande gasellar og onager. Elva var mykje større her og flaut rolegare, men vatnet var ikkje så klart som heime. Daddelpalmane var dei einaste tre som fantes i oasane. I oasen trefte dei Abel og familien hans og dei reiste tilbake i lag som vanleg. Det hadde vore stor glede då dei kom heim til festen. Det såg ut til å bli ei bra avling og jegerane hadde med seg mange huder og steinar. Det var rikeleg med mat til alle.
Alle var med på innhaustinga. Jael hadde laga til mange sigdar til kornhausten. Likevel måtte barna gå etter og samle frøa av korn og erter som hadde falt på bakken. Med kornet og dei andre matvarene på plass var det rolege dagar i sommarvarmen. Dei vaksne syntest det var for varmt til jakt eller feltarbeid. Derfor åt dei mykje fisk om sommaren. Elva var ikkje så stor om sommaren og det var lettare å fiske då. Harro og Abel var blitt flinke til å fange fisk med spyd. No fekk dei lov til å ha steinspiss på spydet sitt, Det var ikkje så kjekt å misse spydspissen i vatnet, så dei passa godt på. Dei var no så store at ingen ville hjelpe dei. Dei hadde også prøvd å lage sine eigne spissar.

Harro og Abel levde for ca. 12000 år sidan, nord i Mesopotamia. Harro sin familie hadde satsa på dyrking av jorda, mens Abel sin familie var tradisjonelle jegerar og sankarar, som kunne slå leir i lengre periodar, og så reiste omkring mellom fleire leirplassar. Her tenkjer eg at dei to familiane hadde vore saman gjennom sommaren.
Mot slutten av sommaren tok Jael med seg gutane og nokre andre vaksne til saltsjøen. Gjennom sommaren hadde saltet tørka og no kunne dei berre ause det opp frå bakken og ta det med. Ved saltsjøen hadde dei treft på fleire andre familiar som også henta salt. Etter at saltet var kome i hus skulle alle familiane samle seg til jamdøgerritualet. Jemima hadde dyrka og sanka urter og harpiks med fine dufter til ofringa. Etter festen, der gutane skulle bli vaksne menn , skulle jegerane reise vidare då jaktsesongen begynte. Harro sin familie skulle så og plante. Seinare om hausten kunne dei setje snarer og hauste nøtter. Det var mykje å gjere gjennom vinteren.
Det er ingen som veit om det var slik dei levde men spor etter busetjing, planterestar og kunnskap om klimaendringar den gongen peiker alle på at overgangen frå jakt og sanking til dyrking skjedde gradvis og tradisjonelle og «moderne» familiar levde side om side. Både jegerar og dyrkarar brukte mange ulike naturlege ressursar og kunne også utfylle kvarandre.