Plantekunnskap

Anne Erstad
Planter har blitt dyrka og produkta foredla i meir enn 12000 år. Kunnskapen om dette blei vidareført og fornya frå generasjon til generasjon ved å delta i arbeidet og å ta i bruk nye verktøy og planter. Makthavarane har interessert seg for planter fordi avlingane var viktige og også handelen gav inntekter til makta. Gjennom historia er det kjent at nokre makthavarar var særs interessert i planter. Herskarane på Sicilia og i Pergamon kunne føreskrive jordbruksmetodar og Attalus frå Pergamon samla på planter for å studere giftigheit og Mithradates i Partia gjorde det same og ville finne motgift. Aztekarane og muslimske herskarar har hatt botaniske hagar. Etter erobringar kunne også planter vere med i triumftog, som balsamtre i triumftoget til Titus og cassia, safran, røykelse og myrra i triumftog i Egypt for 2200 år sidan. Aristoteles oppfordra Alexander den store til å samle inn og skildre alle nye plante- og dyreartar dei oppdaga på veg mot India.
Då ein oppdaga den nye verda og mange nye artar der vakte det stor interesse. Columbus leitte etter krydderplanter, og tok feil av mange av dei amerikanske vekstane fordi han heile livet trudde at han hadde funne India. Det var også funne heilt nye planter i Amerika som kakao og tobakk. Fordi dei tok feil av plantearten blei desse også feilaktig tiltenkt medisinsk verknad. Det var stor interesse for å studere plantene vidare og mange botaniske hagar blei oppretta til det føremålet: Leiden, Kew og fleire. Skildringa av plantene omfatta også korleis og kor dei vaks, kva som var klima og jordsmonn, når det var best å hauste av dei. Spania, sjølv om dei hadde oppdaga Amerika, hadde ikkje tilgang til krydder frå Austen, fordi Portugal dominerte handelen i det indiske hav. Derfor var dei oppteke av dyrkinga og prøvde å smugle frø frå Søraust Asia til Amerika og Spania. Det var problem med å halde liv i desse plantene i eit heilt anna klima, og ein skulle studere plantene korleis dei trivdas. Det var kongen som gav oppdrag og løyve til å dyrke krydder i Amerika, handelsselskapet skulle skaffe frø og kunnskap og visekongen i Amerika fekk i oppdrag å finne eigna stad for dyrking og halde oppsyn med dyrkinga. Det var kravd rapportering tilbake. Sjølve transporten var også vanskeleg, mange av plantene tolte ikkje sjøsprøyt. Det var lettare å flytte plantene innanfor tropane.

Nesle og tobakk i botanisk hage i St. Petersburg
Gjeldande politikk kravde at kvar stat produserte sine eigne varer, også kolonialvarer. Derfor blei sukker, tobakk, indigo, bomull, kaffi og fleire dyrka over heile verda av dei ulike kolonimaktene. For å lære meir om plantene som var i bruk og andre planter som kanskje kunne brukast fekk dei botaniske hagane avdelingar i tropane. Seinare utvikla det seg til forsøksstasjonar for tropiske vekstar i tropane. Økonomisk plantekunnskap er ei eiga grein innan botanikk, og denne utvikla seg mykje etter oppdaginga av Amerika, og blei følgd med på frå øvste hald.
Referansar
Lundt, H. (2008). Alexander und die vergessenen Inseln des Glücks. 13-25. I: Die Rosen der Kleopatra. Artemis & Winkler, Düsseldorf.
Laurence Totelin. (2012). BOTANIZING RULERS AND THEIR HERBAL SUBJECTS: PLANTS AND POLITICAL POWER IN GREEK AND ROMAN LITERATURE. Phoenix, 66(1/2), 122–144. https://doi.org/10.7834/phoenix.66.1-2.0122
De Vos, P. (2006). The Science of Spices: Empiricism and Economic Botany in the Early Spanish Empire. Journal of World History, 17(4), 399–427. http://www.jstor.org/stable/20079398