Forsythia – fascinerande fasciasjon

Anne Erstad
Hausten 2009 oppdaga eg ei flat grein på Forsythiaen i hagen. Forutan å ta bilde av denne både om vinteren og ved blomstring, har dette ført til ei fascinerande oppdagingsferd i planteriket
Forsythia
Forsythia er slektsnamnet til ei gruppe planter i oliventrefamilien. Den har 11 artar i Aust-Europa og Aust-Asia. Briten Robert Fortune tok nokre eksemplar med seg frå Kina. Arten F. splendens er teke i bruk som hageplante sjølv og er den eine forelder til F. x intermedia, den vanlegaste Forsythiaen i hagen. Prydverdien er dei store gule blomane tidleg om våren, før lauvet kjem på. I resten av året er ikkje forsythia iaugefallande. Det viser seg at både F. splendens og F. x intermedia har lett for å danne fasciasjonar, som regel berre ei eller nokre få greiner på kvar busk.
Fasciasjon
Store norske leksikon omsetjar fasciasjon med banddanning, men fenomenet kan ha fleire utsjånader. Særs vanleg er breie flate greiner, som ser ut som fleire samanvaksne greiner, t.d. hos flatpil. I mange artar vil dette knippe av greiner også danne ringar. Andre artar dannar kamliknande strukturar, t.d. Cryptomeria. Det er ikkje berre greinene som kan vakse saman, men det er og funne banddanning i røter og blomsterstand (blomkål).
Fasciasjon kan kome av det same latinske ordet som fascisme. Fasces var eit knippe rør, som var eit maktsymbol. Men det kan og ha samanheng med fascia som var ei remse av tøy rundt hovudet eller beina.
Sjølv om nokre artar kan ha lettare for banddanning enn andre, er dette kjent frå mange artar, både buskar, tre og urter. Det er ikkje uvanleg å finne i løvetann eller revebjølle. Også erter kan ha banddanning, det var faktisk ein av eigenskapane Mendel studerte då han oppdaga arvelovene.
Hos erter er banddanning arveleg, men hos andre artar kan det ha fysiologiske eller patologiske årsaker. Mekanisk skade eller låg temperatur forstyrrar celledeling i vekstpunktet og banddanning oppstår. Det er funne både bakterie, virus og nematodar som kan gi banddanning, men i dei same artane kan banddanninga også oppstå utan desse skadeorganismane.
Frå samanvaksne greiner kan vanlege greiner vekse fram, og ei busk som har fått fasciasjon eit år treng ikkje få det neste år. Det gjer at formeiring kan vere vanskeleg dersom ein vil ta vare på banddanninga grunna prydverdi. På den andre sida er det lett å bli kvitt uønska fasciasjon ved skjering av buskane.Årsaka til banddanning i Ytre Sunnfjord i 2009 kan ha vore den uvanleg milde vinteren og våren i 2009. Om våren kom det i tillegg noko meir nedbør enn normalt. Det milde vêret kan ha ført til tidleg vekststart, som så er blitt stogga og starta fleire gongar etter kvarandre.

William Forsyth og Robert Fortune
Sjølv om namnet til William Forsyth er knyta til planta, har han så vidt kjent ikkje nokon særleg forhold til denne. Sannsynlegvis var ho enno ikkje oppdaga i hans levetid.
William Forsyth levde frå 1737 til 1804. Han kom frå Skottland, men vart tidleg utnemnd som direktør for den botaniske hagen i London. Seinare vart han direktør for St. James Park og Kensington gardens. Han arbeidde mykje med frukttre og laga ei blanding som skulle vere spesielt bra for sårheling på tre. Han var og ein av initiativtakarane til The Royal Horticultural Society (1803).
Robert Fortune reiste for første gong til Kina i 1842. Han var også skotsk, men lærte mandarinspråket og gjekk utkledd som kinesar. På denne måten kom han inn på stadar som var forbode for utlendingar. Han oppdaga ca. 120 artar, og var også mannen som brakte teplanta til India, som start på tedyrkinga der.