Oldtidsdietten

Anne Erstad
Antropologen Sidney Mintz har lagt merke til at dietten hos folk i oldtida var ganske lik, uansett kor i verda ein var.
Då menneska begynte å dyrke planter til mat blei plantekosten ein stor del av dietten, dei hadde også tilgang på fisk, kjøt og egg, men i hovudsak åt dei plantekost. Denne hadde ei kjerne med kornprodukt, som er rike på stivelse og energi. Dette blei supplert med ein belgvekst, som gir både protein og nokre vitamin som manglar i kornet. Det høyrast ikkje godt ut med eit måltid, og kanskje til og med fleire måltid kvar dag med berre korn og belgvekstar. Derfor var det også alltid med nokre frynser (fringe som han kallar det). Det kunne vere urter eller grønsaker, av og til litt kjøt og kanskje ein saus laga av desse. Ferske grønsaker eller frukt kunne gi dei siste vitamina som mangla og gi smak.
I Midtausten brukte dei kveite, eller slektningane einkorn og emmer, og også bygg til mat. Dei kunne velje mellom kikert, ert, linser eller bondebønner som proteinkjelde. For å setje smak på maten kunne dei bruke laukvekstar, kvitlauk, lauk og så vidare. Dei hadde gulrot og salat, vassmelon. Krydderurter dei brukte var timian, koriander, basilikum og mange andre. Dei kunne ha litt nøtter til dessert, pistasj eller mandel eller heller ein søt dessert med dadlar eller granateple.
Nord i Kina starta dei med dyrking av hirse. Soyabønner og cowpea var proteinrike. Soyabønner smaker ikkje så godt, så dei laga mange ulike sauser og andre rettar med soya. I sør dyrka dei ris og ulike typar bønne, som adzukibønne. Bønnene kunne etast som bønne eller bønnespirer. Typisk for Kina er at dei åt mange vassplanter.
Olmec og før dei andre stammar i Mexico dyrka mais og kunne ha peanøtter eller andre bønner som proteinkjelder. Squash var viktig i denne dietten i tillegg til krydder. Dei hadde eit system for dyrking der mais gav støtte til bønneplantene som klatra. Squash var brukt som botndekke. Bønnene kunne i tillegg gjødsle dei andre vekstane.

I Andesfjella var poteta kjelde til stivelse, dei hadde også mange bønneartar og chilipepar og paprika som smaksstoff i tillegg til andre krydder.
Til maten kunne dei drikke både øl og vin. Alle kornsortane blei brukt til ølbrygging i dei ulike kulturane. Ølet var svakare enn det vi bruker i dag, og kornet blei blanda med ulike urter for smaken. Druevin kjem frå Midtausten, men dei kunne også lage vin av frukt som daddel og fiken. Desse blei ofte blanda inn i vinen. I Kina veks det mange andre drueartar enn vindrue og dei blei brukt til vin i tillegg til andre frukter som hagtorn. I Amerika laga dei vin av safta frå agave.
Ernæringsekspertar har også studert desse ulike diettane og konkludert med at dei gav eit balansert kosthald med alle typar vitamin og mineral og dei essensielle aminosyrene. Korn og belgvekstar utfyller kvarandre utmerka.
Referanse
Mintz, S. W., & Schlettwein-Gsell, D. (2001). Food Patterns in Agrarian Societies: The “‘Core-Fringe-Legume Hypothesis’” A Dialogue. Gastronomica, 1(3), 40–52. https://doi.org/10.1525/gfc.2001.1.3.40