Er det berre kjipt å vere mot GMO?

Anne
Anne Erstad

Neste månad skal EU røyste over eit framlegg om å endre regulering av genmodifiserte organismar og produkt. Noreg vil sannsynlegvis følgje EU, både som følgje av EØSavtalen og endringane i bioteknologilova som vart vedteke for ikkje lenge sidan. EU er under sterkt press frå dei store agroteknologiselskapa som tek hand om både såfrø, plantevern og plantenæring, ein uheilag kombinasjon.

Då genteknologi vart utvikla for 50 år sidan var det mange useriøse framlegg om kva ein kunne få til med overføring av gen frå ein organisme til eit anna, som sjølvlysande juletre. Sjukdomsresistens vart brukt som argument for genmodifisering, ein fordel om ein ikkje trong bruke plantevernmiddel. Røynda i dag er at dei store plantevernfirma har kjøpt opp planteforedlingsfirma, slik at dei i dag produserer både frø og plantevernmiddel. Genmodifisering er brukt for å skape planter som toler plantevernmiddelet, slik at berre ugraset stryk med ved sprøyting. Firmaet tener både på såfrø og plantevernmiddel. I tillegg har dei endra frøa slik at bøndene må kjøpe nytt frø kvart år. Forbrukaren får eit produkt som er sprøyta med plantevernmiddel, som ofte er ulovleg i Noreg, og som er genetisk endra.

Teknologien for genredigering, som er nyordet for genmanipulering, er lite endra. No redigerer ein med gen frå same art, men treng framleis både kjemikalie og andre organismar for å få genet inn i planta. Frøfirmaet tek no patent på den nye sorten. Det er urimeleg å ta patent på liv. Det fråtek bøndene og land der sorten veks vill styring over genressursane i landet. Bolivia fekk sjokk då eit firma kravde patent på ein quinoasort. Bolivia er landet med størst genetisk variasjon i quinoa og dei endra lova for å ta vare på det genetiske mangfaldet. Patentet blei ikkje fornya. 

Forbrukarane i mange land, også dei som tillet dyrking av GMOplanter, krev merking av produkt framstilt med GMOteknologi. Det er etter kvart utruleg mange produkt som kan ha blitt framstilt med genmanipulerte organismar: mat, både planter og dyr, medisin, kosmetikk, kle, snop mm. I matprosessering blir det brukt mange tilsetjingsstoff, for farge, smak, konsistens og lagringsevne. Det nyaste er at fargestoff i snop og andre produkt som i dag blir laga kjemisk av oljeråstoff, blir erstatta med fargestoff framstilt med genteknologi. Dette fordi kjemisk framstilte stoff har vist seg å vere helsefarlege. I syntetisk biologi blir gjærceller eller bakterie genetisk manipulert til å kunne lage kva stoff som helst. Sjølve stoffet inneheld ikkje DNA, men prosessen er genteknologi. 

No vurderer Mattilsynet å godkjenne GMOsoya til laksefor. Eit argument er at det kan vere vanskeleg å få tak i ikkje-modifisert soya i krisetilfelle. Noreg er ein stor produsent av laks. Kan vi ikkje snu på argumentasjonen og sjå på det som ein fordel å produsere laks utan GMO, når konkurrentane i Skottland og Canada bruker genmodifisert soya?

Mange hevdar at Europa er akterutseglt og ikkje følg med i tida, både i forhold til big tek og her big Ag. Det er ein reaksjon på gang i forhold til aldersgrense og bruk av data i datateknologien. Innanfor landbruket kan vi unngå å hamne i same fella dersom vi er restriktive mot GMO.

Figur 1https://plantae.org/global-differences-in-regulation-of-genetically-modified-crops-the-history-and-where-we-are-going/#:~:text=In%20the%20international%20regulatory%20landscape,spectrum%20between%20these%20two%20approaches. Nedlasta 040426


Publisert: 06.04.2026, 17:55


Andre artikler