Rørsle

Anne
Anne Erstad

Manglande rørsle er ofte blitt sett på som den grunnleggande forskjellen mellom planter og dyr. Likevel er det også mange dyr som knapt rører på seg, som koralldyr som sit på same plassen heile livet, men likevel kan røre på fanghår.

Sjølv om planter ikkje flytter på seg blir dei røyrt av vinden, regnet og fuglar og dyr som stryk forbi. Den tilsynelatande stive greina bøyer seg likevel og kjem tilbake til same posisjon. Til og med plantene sjølve kan tynge greinene med frukt og rette seg opp etterpå. 

Over tid blir plantene likevel prega av påkjenningane. Det ser ein tydeleg langs kysten der treforma viser den dominerande vindretninga. Andre tre dannar reaksjonsved, forsterkningar i stamma i retning av påkjenninga. Av og til blir vinden for sterk og stammen knekk. Eg har undra lenge på kor mykje plantene toler og har ein hypotese om at dei store rørslene er samansette. Blada gjer store rørsle, men bladstilken rører seg berre litt, greina har endå mindre utslag og dei store greinene og stamma rører seg knapt. Blad og kvister kan dette av men sjeldan dei større greinene. Det same skjer når dyr stryker forbi eller fuglar landar på greinene. 

Ein kan også sjå aktiv rørsle i planter, då treng vi eit lengre tidsperspektiv. Planta veks heile livet og ein kan difor sjå for seg at den fyller eit stadig større tredimensjonalt rom. Planter utvidar også rommet sitt med utløparar. Det blir forflytting i slow motion. Røtene veks nedover og blad og stenglar oppover. Planta reagerer på tyngdekrafta, og veks mot denne. Romeksperiment med å oppheve tyngdekrafta, eller endre den viser dette.

Til forflytting over større avstander treng plantene hjelp, men der har dei også mange triks.

Planter har retningssans, dei veks mot lyset, som ein kan observere i eit vindauge. Nokre kan følgje sola sin ferd over himmelen. Solsikke heiter tournesol på fransk, den som snur seg etter sola.

Røtene veks der det er vatn og næring. Dersom det er forskjell i næringsgrunnlaget ser ein tydeleg forskjell i vekst, mot næringskjelda. Planter skyr forureina jord, men det er enkeltindivid som har tilpassa seg og som finn ei nisje der.

Andre gjentekne rørsle er blomar som opnar seg om dagen og lukkar seg om natta. Geiteskjegg opnar blomane om morgonen og lukker dei midt på dagen. Ein kan lage eit blomsterur med å velje ut planter som opnar og lukkar seg til ulike tider. Nokre planter har opne blomar berre om natta, dei er avhengige av nattaktive insekt. Desse har ofte ein sterk duft og lite iaugefallande blomar, t.d. nattfiol.

Dyr har ledd som gjer at dei kan gjenta rørsler. Planter kan også ha nokre rørsler som dei gjentek og som er kjappe, i motsetnad til dei fleste andre planterørsler. Soldogg må reagere raskt for å fange flua. Mimosa pudica, touch-me-not, sanseplante, reagerer raskt på berøring. Dei kan gjere denne kjappe rørsla fordi dei også har ei form for ledd i knekkpunktet.

Då sanseplanta blei oppdaga i Amerika, skapte det stor forvirring blant europeiske forskarar. Sidan Aristoteles har dei meint at planter er insensitive, med vegetativ sjel, mens dyr har ein sensitiv sjel. Dyr kan reagere på eksterne stimuli, mens planter skulle vere passive. Forskarane gjorde all slags eksperiment for å forstå motivasjonen og mekanismen bak responsen. Planta kunne bli vant til stimulering og slutta då å reagere. Planta kunne til og med hugse den tillærte responsen over ein månad. Descartes likte å forklare alt mekanisk, og då unngjekk han at planta skulle vere sensitiv. Lys og vatn kunne forklare alt. Den moderne forklaringa er at sanseplanta reagerer på berøring med endring av spenninga over membranen til bladbotnen som er oppsvulma. Cellene missar spenning og bretter seg saman. Spenninga forplantar seg gjennom bladet og får fleire småblad til å brette seg saman og til slutt heile bladet.

Kjelde:

https://lab.plant-humanities.org/mimosa-pudica, nedlasta 12.04.2026


Publisert: 14.04.2026, 10:32


Andre artikler