Gildt på Giil

Anne Erstad
På søndag var vi heimstadsturistar på oppdagingsferd til nye fiskevatn. På kartet fann vi ein sti som gjekk slakt opp mot Ytregiltjørn. Alternativet var ei bratt oppstiging frå Giil. Stien var nok ikkje mykje i bruk og delvis vanskeleg å finne. Vi gjekk gjennom ein dal med bratte fjellsider på begge sidene. Bekken rann lenger nede i dalen og hadde nokre små fossefall. Det hadde regna så mykje i det siste at vi høyrde vatn renne under oss når vi gjekk over steinur som var dekt med mose og vegetasjon. På den første delen av turen var landskapet karrig, noko lyng og mykje frytle. Vi fann dei første mogne blåbæra, og traff på ein aggressiv hoggorm, pent samankrølla men hissig med hovudet.
Då vi kom til Ytregilstjørna viste det seg at tjernet var grunt og langs nordsida stakk det opp mange nøkkeroser og andre vassplanter. Langs sørsida var det delvis eit bratt berg. Vi kom oss opp på berget og fann ut at vi skulle følgje den stien vidare til Indregilstjørna. Fjellryggen var delvis naken og vart stadig smalare slik at vi gjekk på egga.

Bilde frå egga mot Ytregilstjørna, karrig landskap
Først var det berre stup på venstre sida men etter nokre meter var det like bratt på høgre sida. Vegetasjonen endra seg til høgstaudetypen. Eg såg frøplanter av eik og løn og då vi nærma oss Indregilstjørna gjekk vi gjennom lauvskog. Frå toppen av Gjerdeegga førte stien oss til utløpet det det var laga ei lita demning. Eg kom til å tenkje på kor mykje lettare det hadde vore å gå her for 50 år sidan. Då hadde det sikkert vore beitedyr her i utmarka, vegetasjonen hadde vore lågare og stien lettare å finne. Naturen var mykje frodigare rundt den indre tjørna, vi såg nokre moltebuskar utan bær, og mjødurt, men også rome, som ikkje var bra for beitedyr. Tjørna var her også mykje tilgrodd, men vi såg fisk som hoppa og fekk med oss eit prøveeksemplar.

Frå egga mot Indregilstjørna, frodig lauvtrevegetasjon.
Alt i alt var det blitt seint så vi fann ut at vi skulle gå ned langs utløpsbekken. Stien var merka gjennom granskogen. For ein gongs skuld var det greitt med granskog utan noko undervegetasjon.