Siste dag i Tokyo: 7. juli

07.07.2019, 08:53

I kveld reiser vi til Hawaii, dit kjem vi fram i morgon tidleg. 7. juli. Ganske kult å få den same datoen to gongar. 

Men først skulle vi ha siste føremiddag i Tokyo. Må forresten nemne at vi rakk ein tur til den kunstige øya Odaiba i går kveld, der kunne vi sjå mot ei flott bru som har lys på om kvelden. Det var flott - og det siste på Viljen si liste. Så fekk Fanta-Nils fred. 

På grunn av lågt blodsukker hos nokon (mest meg) måtte alle ha mat. Knut valde seg ein dessert med litt krem. 

Men altså i dag. Knut fekk litt kvalitetstid før frukost med andre utsendte menn på vaskeriet i 9. etg på hotellet. Herleg med nyvaska klede. Vi andre rakk òg ein tur i bassenget før Malene vakna. 

Vi har budd på Shinagawa Prince Hotel. Det er eit stort hotell med 39 etasjar. Når vi skal ete frukost kan vi velje mellom fem ulike restaurantar. Vi har prøvd tre ulike. Den eine var veldig japansk med buffet. Den andre var som ein kafeteria der vi fekk servert suppe og sandwich og ein jus kvar. Den tredje har vi brukt tre gongar - kjempestor med mykje variert. Jakob har hatt nudlar, pølser og pommes frites, vi andre har funne andre ting.

I staden for rennende vatn har dei ein svær oppsats med skjermar på alle sidene som viser rennende vatn - og høgtalarar med lyden av fossar. 

Siste dagen presenterte alfahannen vår to alternative tidsfordriv etter utsjekking: Tempel eller shopping. Det vart 4-1 for shopping (eller, 3-2) - så vi enda med—-

Dette tempelet er bygd til minne om japanske soldatar som mista livet i ein krig mot Kina. Det var ein del presseoppslag då den japanske statsministeren la ned krans der. Kinesarane likte det dårleg. 

Det var eit fint tempel, forsåvidt. Deretter for vi til Shibuya crossing. Ved krysset står det ei statue av hunden Hachiko som kvar dag møtte eigaren sin då han kom med toget etter jobb, og så gjekk dei ilag heim. Det er til og med laga film om han. 

Vi fekk oss noko mat. Rakk ikkje å ta bilete av maten, for vi var skikkeleg svoltne, men etterpå såg det slik ut. 

No sit vi på flytoget. Japan har vore eit fascinerande land som eg gjerne kjem tilbake til. Stilig at dei fire asiatiske landa vi har vore i har hatt så tydelege særtrekk og vore så ulike. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler