Hawaii - 7. juli igjen

08.07.2019, 08:09

1 kommentar

Ganske surrealistisk: Tenk at vi er på Hawaii! Vi reiste frå Tokyo og skrudde klokka 19 timar tilbake slik at vi fekk datoen på ny. Alle er einige om at bølger, bad og sol på Honolulu søndag 7.  juli slår regnet i Tokyo søndag 7. juli. 

Her var det «Aloha» frå første stund. Dei brukar faktisk Hawaii-skjorter!

Vi fekk tak i leigebil på flyplassen og Knut køyrer trygt og godt. Rom på Lotus hotell like ved stranda med palme- og bølgeutsikt. 

Mesteparten av dagen har vi brukt til å prøve å ta oss inn igjen med timar, natt og dag og alt. Men litt har vi sett. Her er mange unge menn med surfebrett. Det er òg tydeleg utbredt at dei som bur her til dagleg brukar havet til å bade i. Vi passerte ei eldre dame på sykkel som hadde ein oppblåst, rosa bademadrass på bagasjerommet. 

Vi har brukt dagen til å bade, og alle har blitt solbrent. Gutane vart kjende med den lokale Andrew som var med på ballkasting i sjøkanten.

Det ligg tennisbaner rett borti her og hotellet låner ut utstyr. Vi fekk oss ei runde, første gong for mange av oss. Kjempekjekt, men ikkje heilt enkelt. Reglane var fritt etter Viljen si erfaring frå Wii, det var det næraste vi kom av erfaring. 

Ny runde med bading i solnedgangen.

Hotellet har utlån av strandstolar, brett og handklede. Suverent. 

Vi hadde gleda oss til å dykke i hai-bur og hadde bestilt det i morgon tidleg. Fekk e-post i dag om at det vart avlyst pga dårlege vermeldingar. Fekk heldigvis booka om til onsdag før vi reiser vidare. 

Eigentleg er det kanskje like greitt at dette vart utsett, så vert morgonen i morgon mykje rolegare. Det er ikkje frukost på hotellet, så det må vi ut på leit etter. Sikkert ikkje vanskeleg å finne, men alltid litt meir styr enn når det er i tøffelavstand. 

No skal det bli godt å legge seg. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler