Aloha!

09.07.2019, 08:59

3 kommentarer

I dag har vi slakka litt og hatt strand-safari. På Barack Obamas fødeøy. Vel, han er iallfall fødd på Hawaii, om det var akkurat DENNE øya kan ein sikkert Google seg fram til.

Knut og eg var oppe like over kl 08 for å springe før det vart for varmt. Det rakk vi ikkje. Dvs at vi sprang, men det var allereie så høg temperatur ute at det verken vart lenge eller langt. 

Ungane sov til kl 09.30 heile bølet. Det gjorde godt. 

På hotellet vårt her er det ikkje frukost. Så vi i bilen. Det er forresten svært bilbasert her. I motsetnad til i Tokyo, der var det veldig lite bilar i gatene og det virka som dei fleste baserte seg på tog eller metro. Her er det bil. Og veldig mange fine bilar. Vi har ein heilt grei Nissan. 

Knut hadde som vanleg bedt Trip Advisor om gode råd, og denne gongen var det veldig bra: Frukost hos Ann Millers. Vi fordelte vala våre mellom pannekaker, kylling/pommes frites og Farmers breakfast, og alle åt og vart mette.

 

Det var så stilig, for det var akkurat som på film. Ei servitrise (Randi!) som gjekk rundt med kaffikanna i handa, hadde notisbok til bestilingar og snakka med alle som var der. 

Vi fann eit kjøpesenter og fekk handla snorkleutstyr i tillegg til badegensarar. Så solbrent er vi altså. Det er mykje ananas her på øya, og det fekk vi sjå fleire stader - både i butikken: 

Og langs vegen nordover: 

Bildet over er tatt i fart, men det er altså ananasåker. Ein svær ein. Og kven eig denne åkeren?

Dole! 

Det var mykje kjekt å sjå langs vegen, vi køyrde til to kjende strender heil på nordsida. Malene kom med ein artig informasjon då vi nesten var framme ved den første stranda, nemleg at strendene på nordsida av Hawaii er nr 2 på lista over farlege strender jfr haiangrep. Kjekt å vite. Då kunne den eine broren opplyse om at det var berre å stikke fingeren i augene på haien, då vart han redd. Den andre broren kunne tilføye at dersom ein slo haien på snuten, ville han og forsvinne. Malen meinte at det eigentleg ikkje var så viktig med desse opplysningane, ein trengte heller ikkje å symje så fort. Det einaste som var viktig å symje fortere enn dei rundt seg. 

Vel. Vi såg iallfall mykje veg. Det var mykje motorveg med opptil seks filer i breidda og noko med enklare standard. Veldig mykje dårleg asfalt!

Viljen styrte musikken via Bluetooth og mobil, heilt til han sette på denne: 

Då tok Malene over ansvaret for musikken. 

Første stranda vi var på var eigentleg ikkje ei strand, meir ei fjære. Ho heitte Sharks Cove, for sikkerhets skuld. Her var det snorkling. Veldig stilig, for med hovudet over vatnet ser og høyrer ein mange folk og ulike lydar, men med ein gong vi stakk hovudet ned i vatnet vart det heilt stilt og vi kunne sjå stimar av fisk, små og store, kråkebollar og rev. Det var så flott! Litt uroleg sjø, men det var som å kikke ned i Nemo-filmen. 

Dei fleste av oss nøya oss med å kike på dyrelivet. Men ikkje alle. 

Den siste stranda var Turtle Bay. Det var fint der, men eigentleg ikkje noko spesielt. 

Vi snudde sørover igjen, og Jakob og eg hadde leita fram dagens middagsplass: Karai Krab. Her åt vi sjømat til kjakene glinsa. Det var godt!

Sidan Knut ikkje les denne bloggen kan eg trygt innrømme at Malene er betre enn meg til å vere kartlesar i bil. Phu. Så var det sagt. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler