Pearl Harbor: Forstå, hugse og ære

10.07.2019, 02:45

2 kommentarer

Her på Hawaii er vi 12 timar etter norsk tid. Sabla praktisk for Knut som då nesten har rett tid på klokka si, dersom han ikkje hadde brukt 24-timarsklokke. Veldig upraktisk for Malene som ynskjer å halde kontakt med dei som no er vakne når vi søv, og omvendt. Nokre utfordringar må ein ha. 

Like nord for Waikiki/Honolulu ligg Pearl Harbor. Kvar dag vert det delt ut 1300 gratisbillettar til omvisning og båttur på dette senteret som heidrar dei som døydde under bombeangrepet i 1941. Vi var gira på å få fem av desse, det går nemleg ikkje an å kjøpe dei. Senteret opnar kl 07, vi var der kl 08 og fekk billettar til film og båttur kl 09. 

Dette var bra. Filmen var sjølvsagt patriotisk med vaiende flagg og syngande amerikanarar, men samtidig fekk dei tydeleg fram kva press japanarane var under etter at USA stoppa oljeeksporten dit. Det var spennande å høyre om desse to relativt nye statane som kjempa om makta i Stillehavet. Bodskapet var tydeleg: Vi skulle forstå kvifor det hadde skjedd, hugse kva skjebne som hadde ramma dei skadde og drepte, og ære deira minne. 

2400 amerikanarar miste livet då 250 japanske fly overraskande angreip flåtebasen på Hawaii 7. desember 1941. Då flya kom innover mot øygruppa trudde han som hadde radarvakt at det var dei amerikanske flya som var varsla frå fastlandet same dagen som kom. Så han sende ikkje noko melding vidare. Difor kom dei japanske flya seg svært nær før det vart slått alarm. 

Vi fekk båttur ut til eit bygg som er bygd oppå eitt av skipsvraka, nemleg «Arizona». Her ligg framleis mange soldatar i fartyet som dei har valt å ikkje heve. Over 1000 personar døydde på denne båten. 

Dette bygget har ein enkel symbolikk: Først var USA stort og sterkt, så fekk det seg ein knekk under angrepet på Pearl Harbor før det igjen reiste seg.

Eg har ein teori om at Donald Trump nok helst vil ha eit påbygg med ny knekk, og så ein litt større ende etter at han har «made it great again.» Vi får sjå. 

Vanlegvis brukar dei besøkjande å få gå i land på dette bygget ute på sjøen, men i dag gjekk ikkje det. Eigentleg heilt greitt. 

Det var ein minnepark, men det var temmeleg varmt då vi gjekk der, og oppslagstavlene viste delvis det vi allereie hadde høyrt og delvis var dei slitne og bør bli fornya. Men det var absolutt verd å kome tidleg å få sjå filmen og tatt båtturen. 

Då vi kom i bilen spurte Viljen: «Pappa? Kva tykte du var verst gjort av amerikanarane som utsletta ein heil by eller japanarane som skaut sund nokre båtar?». 

Sein frukost i sentrum av Waikiki, for der hadde vi ikkje vore. Fann Julie`s Cafe. Dette var ein del av YWCA-hotellet (KFUK) i byen, og var kjempekoseleg. Herleg mat og litt sånn kolonistil-stemning. Vi sat inne i noko som likna på ein hage med opne dører ut.

Eg bestilte ein kinesisk kyllingsalat, var litt i stuss om eg kom til å bli mett. Men det vart eg. Malene var ikkje så svoltne, så ho bestilte kyllingsalat. Det òg vart nok. 

Som kelneren sa då han henta tallerkenane etterpå og berre Knut og min sine var tomme: Ser ut til at det var foreldra som var mest svoltne. 

Vi er jo turistar, og vi måtte opp og sjå palasset, det einaste slottet i heile USA. Her budde kongefamilien som var på Hawaii før amerikanarane gjorde dei til republikk. Vi såg det berre utanfrå, men det såg temmeleg flott ut. 

I hagen sat ei klasse som hadde utedag, dei sat i skyggen av eit stort tre. Litt sånn afrikansk.

Like bortenfor var det ein bitteliten, men farleg skog. Såvidt vi fekk med alle derifrå.

Då vi køyrde sørover derifrå såg vi litt av kvart. Vi såg ein som sikkert er solbrent i kveld - 

Vi såg ein kjempelang brannbil - 

Og ein bil med norsk flagg på!

Så kom den store skuffelsen. Knut hadde funne ei flott snorkestrand 25 minutt sørover. Det var ein flott køyretur, men likevel litt skuffande då vi kom fram og det stod skilt om at ho var opa alle dagar utanom tysdagar. Jadda. 

Så køyrte vi litt vidare. Hadde ein stopp ved nokre klipper. Ganske flott, heilt anna natur enn nord på øya. 

(Ja, det er han.)

Så for vi til neste strand, der var det ENORME bølgjer. Ungane var heilt ville av glede. Så kom det ei badevakt som gjorde oss foreldre til både gledesdreparar og festbremsar. Han fortalde at dette var den farlegaste stranda på øya pga dei sterke straumane og bølgjene. Her var det fare for å brekke både nakke og rygg. Så vi sa nei og stadfesta med det at vi er dei teitaste foreldra som finst. 

Køyrde vidare sørover til ei strand som badevakta hadde anbefalt. Til tross for at dei prøvde alt dei kunne å ikkje kose seg, så hadde både ungane og vi vaksne det kjekt der. Sjølv om det KNAPT NOK var bølgjer i det heile. 

Ganske fin strand, då!

Det er siste kvelden på Hawaii, og det kan jo fort hende at vi aldri kjem hit igjen. Så i kveld var vi på «Helena`s Hawaiian Food». Der var det «miljø», som munnhellet hos svigers tilseier. Då har ein funne ein plass der dei lokale går og trivast. Det gjorde dei her, og det var knalltøft. Ei tydeleg familiestyrt bedrift som hadde servert svoltne gjester siste 73 åra. Vi visste ikkje heilt kva vi bestilte, men jammen vart det tomt. 

Knut og ungane tok ei runde tennis på kvelden. Premien var å sove åleine (ungane deler to dobbeltsenger). Gutane ville helst spele ein kamp til og bli igjen åleine då Knut sa at dei måtte gå. Dei kunne ikkje forstå at dei ikkje fekk gå åleine heim, og heller ikkje at Malene ikkje kunne gå åleine. For som Jakob sa. «De e ingen so ve ta hu».

Dei kom iallfall tilbake ilag alle fire. Her er forresten utsikta mot Honolulu på kvelden. Blir fort glad i dette synet. 

Del artikkel:

BloggiShop

Relaterte artikler