Tull, juks og trylleri

12.07.2019, 06:16

Takk og pris at Hilton i Los Angeles let oss sløve i lobbyen deira i vel to timar i dag tidleg. Var her kl 06 og romma var sjølvsagt ikkje klare. Men her er stort, godt lobbyområde som vi tok ein liten del av.

kl 08.03 hadde vi pakka om og ned, og tok t-bana til Hollywood. Er jo ganske stilig, då. Det vi såg av byen på veg til bana var at det var mykje opnare og lysere enn New York, i alle fall. Lyst og ryddig. 

Vi for til Universial Studios.

Dette er eit selskap som lagar filmar og som har bygd opp ein fornøyelsespark kring filmindustri og ulike filmar som har slår spesielt godt an. T.d. var ein stor del av parken via Harry Potter-universet. 

Malene hadde avtalt å møte ei som ho gjekk i klasse med på Vikeså ut 10. klasse. Som far alltid sa: Det er berre å oppføre seg fint, veit aldri kven ein støter på. Familien til veninda til Malene hadde feriert i USA siste vekene, kjekt at jentene fekk eit møte her. 

Det var varmt og mykje kø. Karane og eg stod i kø i over ein time før vi fekk tatt første Harry Potter-attraksjonen. Det var berre utruleg bra og verd å vente på. Så var vi på «Waterworld» der gutane sette seg framme og vart klissblaute, Knut og eg sat lenger bak, men var ikkje akkurat knusktørre, vi heller. Under er det eit bilete frå der det var vasshow. Her var det eksplosjonar, vasskuterar som svinga rett framom publikum, Dei fremste benkene var merka med «våt sone»,  og det var ikkje overdrive.

Viljen og eg brukte litt ekstra tid i Galtvang, Harry Potter-landsbyen.

Vi besøkte Ollivanders - butikken der trollmenn går for å kjøpe tryllestav. Det vil seie, det er tryllestaven som vel trollmann. Då vi skulle få sjå korleis dette skulle gjerast, vart vi med ei gruppe inn i eit rom fullt av tryllestavar. Det var ei som heldt forestillinga, og ho valde seg ut ein ung brite som kanskje var litt eldre enn Viljen. Ho spurte kva han heitte.
- My name is Thomas, sa han alvorleg. Så fann ho ein tryllestav, men då han skulle prøve å skru på lyset med han, byrja det både å lyne og tordne, så det var feil stav.
- Du har mykje sterke krefter i deg, sa ho som valde ut. Og Thomas nikka alvorleg og einig. Så fekk han prøve ein til, og skulle fylle ein vase med vatn. Heile vasen velta og datt nesten ned på oss som stod under. 
- Wao, du er ein leiartype, du, Thomas. Og han nikka og sa ja. Og du er ein som set familien høgt. Foreldra bak såg på kvarandre, alvorlege og nikka, dei òg. 
- Eg trur at du er ein som er opptatt av at ting skal vere rettvise og følgje lover og reglar, heldt ho fram. Og Thomas sa seg einig. 
Så fekk han prøve tredje tryllestav, denne fungerte akkurat som han skulle og alle klappa. Då vi gjekk vidare vart Thomas og foreldra igjen inne hos ho som valde ut tryllestaven for han. Eg trur nok dei kjøpte med seg staven. 

Vi var òg på eit show som avslørte mange filmtriks og filmeffektar som ser så ekte ut. Det var slåsskampar, vi såg korleis lydeffektar vert laga og lagt på film, brannscene og til slutt ein som vart filma «hengande i rommet». Ganske interessant, og vi vart sjølvsagt lurte der vi sat og trudde vi vart opplyste. 

Vi fekk sjå og prøve utruleg mykje. Smørterølet (butterbeer) var ikkje så veldig godt, men kjekt å ha prøvd. Jakob fekk seg ein minion-gensar. 

Innom Wall of Fame på returen til hotellet. Veldig mange ukjende, men det var jo to som var verd å merke seg: 

Vi fekk til og med med oss ei utsikt mot bokstavene i fjellsida!

No skal det bli godt å sove. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler