Dyre hus og lang strand

13.07.2019, 07:03

2 kommentarer

Kom litt seint i gang i dag, men kl 12 var vi på plass og heilt klar til guida biltur for å sjå på husa til kjendisar. Det var oss og ein familie frå Boston som skulle til Hollywood Hills og Beverly Hills. Guiden fortalde først at grunnen til at Hollywood var blitt filmhovudstad var at før alle bilane og trafikken kom var det 30 minutt til ørkenen, 30 til havet og 30 til fjellet. Difor var det lettvint uansett kva type film ein ville lage. 

Ungane var litt halvhjerta med fram til første motbakke då guiden sa: Det første huset vi skal sjå er eigd av ein som iallfall alle barna kjenner godt: Ricegum.
Då kvikna dei til, dei tre yngste! Knut og eg hadde aldri høyrt om denne fyren, men han er visst superkjendis på YouTube. Huset har blitt brukt i mange filmar på denne kanalen, både av han og andre youtubarar. Malene hadde ein teori om at det eigentleg var to hus nedanfor det guiden viste som var rett, det likna meir på det ho hadde sett på film. 

Vi var bortom Hollywood Lake og tok julekortbilete. Då kom vi litt nærare bokstavene i fjellveggen enn i går. Framleis litt for langt unna til å kunne ta på dei, men likevel. 

Det var ein artig tur. Eg hadde vel høyrt om om lag 50 prosent av dei namna guiden nemnte. Kjende ikkje akkurat at vi kom inn i hagen til selebritetane. Mange av husa køyrde han berre forbi sånn litt seint og dei var på andre sida av eit jøl - slik at bileta av husa vart sånn: 

Andre hadde vi litt betre tid på - som Jack Nicholson si borg som ein ser heilt tydeleg her nede i høgre hjørne. 

Eddie Murphy har 10 ungar og pyntar utanfor huset sitt før alle høgtider. Akkurat i dag hadde han sett ut reinsdyrfamilien. 

Vi fekk òg sjå porten til eigedomen der Michael Jackson døydde. Det har forresten blitt leige ut for 93 000 dollar i månaden! Tenk det. Kjem ikkje langt med løna til ein politisk rådgjevar/personleg sekretær då. 

Det vi kom nærast var nok Jackie Chan sitt hus. 

På slutten av turen svingte vi innom Rodeo Drive. Dette er verdas (!) dyraste handlegate med berre merkebutikkar. Den eine butikken måtte ein bestille tid på, betale depositum og love å handle for minst 23 000 kr. Eit par sokkar kosta 600 kr. Det er jo berre ei anna verd enn vi andre oppheld oss i. 

Så tok vi metro og buss og gjekk (det er ein UTRULEG STOR BY!!!) og kom til slutt ned til Santa Monica Beach. Her var det veldig mykje strand! Litt typisk amerikanarane å bruke mykje av området nærast stranda til parkeringsplass.

Det var mykje sand. Like ved Santa Monica Pier (tivoliet) var det ein treningspark. Her fekk ungane klatra litt. 

Deretter var det bading. Berre dei tre yngste heiv seg ut i bølgene. Det var ei fantastisk strand med gode bølgjer. Ei av dei som bada innrømte til og med etterpå at det kanskje ikkje var så dumt at vi hadde nekta dei å bade på den stranda med sterk straum og store bølgjer på Hawaii. Ho hadde nemleg blitt slått i bakken av ei av bølgjene i dag, og det var ikkje behageleg. Ska sei. 

Vi måtte innom tivoliet på Santa Monica Pier, kjent frå utallege filmar. Malene og eg var oppi pariserhjulet. Gutane var oppi noko som gjekk fort, høgt og rundt. Dei var meir oppned enn med hovudet opp. Då foretrekk eg høgde og utsikt. 

Vegen bort frå (eller til, om du insisterer) Santa Monica Beach var ein optisk illusjon. Det var faktisk heilt flatt, men såg ikkje slik ut. 

Etter denne hektiske dagen var vi bra svoltne. Knut hadde lyst på graut. Det vil seie, han var klar til å kappete med trollet.

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler