Filmpremiere og handledag

14.07.2019, 04:39

Eg var litt i stuss om det vart noko å berette frå dagen som var sett av til å handle. Det er jo avgrensa spenning i å lese om prøverom og betalingskøar, men jammen dumpa vi ikkje opp i litt av kvart i dag òg. 

I dag splitta vi laget. Det var ikkje samrøystes, men fire slår ein og karane for til Rodeo Drive, den superdyre handlegata. Malene og eg tok bussen til The Grove, eit handleområde for mellomklassen. 

Det var kanskje ikkje eigentleg for mellomklassen, ein gong. Heller kanskje litt over. Det var veldig stilig. Området var eit torg med fontene, musikk og uteservering, og rundt låg det ganske så fine butikkar. 

Det som kanskje gjorde at vi fekk eit luksusinntrykk frå starten av var nok at vi byrja besøket her: 

Dette er nemleg venteområdet til toaletta. Vaskane var jo berre SÅ delikate. Litt annleis enn tilsvarande område på Kvadrat. 

Vi var sjølvsagt innom ein stor bokhandel, Barnes and Noble. Det var eit nytt tema for oss som hadde fått ein eigen stand, nemleg «How to grow your own weed». Der gjekk vi raskt forbi. Det var heller ikkje mindre enn sju fulle reolar med sjølvutviklingsbøker. Dei må ha det litt stritt, desse amerikanarane.

Vi møtte karane og gjekk på «The Cheescake Factory». Her kjøpte vi først lunsj, deretter valde vi mellom 30 ulike slag ostekaker. Eg valde jordbær. Ikkje noko å klage på her, gitt. 

Gutane ville tilbake til tivoliet på Santa Monica Pier som vi var på i går, og faren let seg overtale. Malene og eg reiste opp til Hollywood Wine igjen for å sjå etter sko og evt koffert der. Knut sin koffert er nemleg oppbrukt. 

Då vi kom opp frå t-bana var heile bilvegen blokkert. Det samla seg kø, var bygd opp ei scene og massevis av sikkerhetsfolk som skyssa folk forbi: «Berre gå vidare, ingenting som skjer her! Berre gå vidare.» Men vi er ikkje dumme, vi såg jo at det var noko som var i ferd med å skje. 

Det skulle vere verdspremiere for filmen «Hobbs and Shaw» akkurat der vi var! Det er plakatar for denne filmen absolutt overalt i dennne byen. 

Det var til og med plassert ut effektar frå fimen i gata. 

Vi gjekk innom nokre butikkar, og då vi kom tilbake forstod vi at no var vi midt i det. Her var både Dwayne Johnson - 

og Jason Statham. Vi fekk med oss ein del av dei andre som var på plakaten òg, men dei er mindre kjende. Stilig var det uansett. Filmpremiere i Hollywood med sjølve skodespelarane, faktisk. No må vi heim til Noreg og gå på kino. 

Knut treng ny koffert sidan glidelåsen er gåen på den han har brukt hittil. Vi fann ein vi likte. Dama i kassa lurte på kvar aksenten min var frå (takk skal du ha!). Ho hadde budd ei tid i Danmark. Det var stilig, så fekk ho snakka litt dansk. 

Vi forstod jo etterpå at vi kunne spart pengane på den nye kofferten, for vi kunne jo berre tatt han som stod ved vegen - heilt kostnadsfritt. 

Det er tett mellom superheltene ein kan bli tatt bilete med på Hollywood Boulevard. Til og med Michael Jackson hadde møtt opp der i dag. Vi kjende oss heilt trygge på veg heim, for vi hadde med Supermann på toget. Han er faktisk heilt ekte sjølv om han ser litt ut som ei dukke her. 

Då vi kom ut av t-banestasjonen såg vi at Walt Disney Konserthus ligg like bak. Vi måtte opp og fotografere. Det er eit spesielt bygg. Konserthuset ligg tydeleg i eit område som vert pussa opp, og det hadde kanskje vore endå flottare utan arbeidsgjerdet og heisekrana, men Malene meinte at ei heisekran aldri forringar eit bilete. 

Då karane kom tilbake til hotellet i kveld sa Viljen: «Eg er glad for at eg reiser på tur med dokke og ikkje nokon andre foreldre. Vi er ikkje berre på stranda eller går på sånne turistfeller. Vi gjer sånne ting som vi vil hugse». Det var koseleg sagt. Den karen veit korleis han får bli med på fleire turar. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler