Siste dag i Los Angeles før returen

15.07.2019, 03:54

1 kommentar

Det er utruleg kva ein får seg til å gjere dersom trekkplasteret er sterkt nok. I dag var det det. 

Alle oppe 06.40, frukost, utpakk, utsjekk og vi var på t-bana kl 08. For å glede Knut ekstra hadde alle saman på oss t-skjortene samtidig. Det var fyrste gong.Målet var Universal Studios der dag 2-billettane er gratis. Dessutan likar vi slik moro. 

I går opna det ein ny attraksjon der: Jurassic Park. Det var det mange som hadde fått med seg og var klar til å prøve. Det var ein enorm kø då parken opna og reine folkehavet som flytta seg nedover. Skulle tru det gjaldt om livet, og vi var ikkje dei minst ivrige til å kome oss tidleg fram. Og det lukkast vi med. 

Det var ei berg- og dalbane i dinosauruniverset.  Eller eigentleg ei opa togreise på skinner på ein veg av vatn. Med mykje vatn, dinosaurane spytta og spruta på oss. Det var både skummelt og moro, enormt naturtro, i den grad det går an med dinosaurer. Vi vart ganske blaute, men det var veldig, veldig kjekt. Like etter at vi hadde kome ut og var ferdige var det fire timar ventetid. Fire timar! Kan ikkje forstå at nokon stiller seg i kø dersom det er så lang kø. 

Deretter var vi i mumie-attraksjonen.

Då vi var nest fremst stoppa det opp, det hadde noko gale med elektronikken. Vi venta i over 20 minutt utan at nokon fekk gå i vognene før dei opna igjen. Var litt spennande å vere i første turen etter denne pausen, men det gjekk heilt godt. Heldigvis. 

Det er ein veldig gjennomført park. Alle dei som arbeider der er kledde slik at det passar til det temaet dei arbeider med. Og plakatene og venteområda er heilt ulike.

Universal Studios lagar jo filmar, og vi fekk vere med på ein times tur rundt i området der dei lagar filmar. Her var mange kulisser frå ulike filmar og seriar, ganske mange eg aldri har høyrt om. Det var litt artig å sjå landsbyen der «Tilbake til framtiden» vart filma, her er klokketårnet som var ganske viktig i den eine filmen. 

Vi køyrde og gjennom området der «Frustrerte fruer» vart spelt inn. Det var kult. Mange av husa hadde berre framside, altså fasade, andre kunne dei filme inni òg. 

No har vi kome til LAX, flyplassen her. Det er knappe to timar til flyet går og vi er klar. Malene hoppar av i Oslo og reiser vidare til Polen der ho skal på tur med Bjerkreim ungdomskor. Vi hine fær rett heim til vaskemaskin og ompakking til hytta på Stapnes. Skal bli herleg å kome heim til vanleg mat, mindre program om dagane og færre varme måltid kvar dag. Ungane gleder seg til å ikkje måtte velje kva dei skal ete heile tida. Ikkje verst. No blir det den same middagen til alle. 

Det har vore tre veker med litt av eit innhald! Det har gått forunderleg godt med tidsskilnad og stadig ny døgnrytme. Vi har lært at Jakob må sitje ilag med ein av foreldra på flyet for å kunne legge seg ned og sove. Nokon må styrast meir enn andre til å slå av skjermar og lyd, ikkje minst på fly. Mange gongar har vi sagt til kvarandre - tenk at vi er på Taiwan, eller Hawaii, eller kor vi har vore. Alt har gått bra, men det er nok ikkje alle som hadde trivast med ei slik reiserute og eit slikt program. 

Alle landa og byane vi har vore innom har gjort inntrykk. Thailand var berre ein hektisk dag på veg vidare, men der var herleg mat og godt kollektivtilbod. I Kambodja var det fokus på tempel. Her var det Pung Tunhat, guiden, som nok gjorde sterkast inntrykk. Triveleg fyr og hadde gode framlegg til kva vi skulle gjere og sjå. Taiwan var varmt! Fantastisk grønt, flott natur og vi fekk sett mykje på dei få dagane vi var der. Japan var vel der vi fann roen, der var vi lengst. For eit teknologisk samfunn! I alle ledd. Høflege folk og alt var ryddig og reint.

Hawaii var strand, sol, ferie og pause. Det såg ut som om alle var opptatt med å nyte livet. Så fekk vi Los Angeles til sist med storby og ikkje minst Hollywood og fornøyelsespark.

Ikkje har eg kome heim og ikkje har eg hatt tid verken til å fordøye eller konkludere. Flyet vert snart ropt opp. Men: Det har vore ei fantastisk reise og vi har mykje å takke for. 

Del artikkel:

Relaterte artikler