Litt konklusjonaktig - og flykluss i heimlandet

28.07.2019, 18:16

Då er vi på tur igjen. Knut måtte gå litt gjennom reglar for korleis ein oppfører seg på fly i tilfelle ungane har gløymt det. No skal nemleg ungane og eg ha ei veke i Gloppen, sjølvaste Sommaropeland. Vi sit no ved Gate 21 på Sola og ventar på flyet som skal ta oss til Oslo. 

Det er to veker sidan vi kom igjen frå den store rundreisa og mykje har landa. Det tok litt tid, og det er ikkje tvil om at det var dei ni timane frå Los Angeles til Norge som var dei det var verst for hovudet å følge etter kroppen. 

Eg har spurt familien kva som var det kjekkeste - eller gildeste, som det heiter i Bjerkreim - med turen vår. Jakob svarte Hawaii, utan tenkepause eller tvil. 

Knut meinte sjølvsagt at reisefølget var det beste. Då han skulle oppsummere endå litt meir konkret vart det Japan. 

Malene tenkte litt, så konkluderte ho med at haiburet var det som ho hugsa som det mest spesielle. 

Viljen sikra seg først ved å svare at eigentleg var alt kjekt. Då han vart utfordra til å vere litt meir spissa, var det å symje med haiar og skilpadder. Så kom Tokyo fram, før Universal Studios og Harry Potter-avdelinga der. 

- Og DER kom meldinga over høgtalaren om at flyet vårt no til Oslo er forseinka slik at det ikkje er sikkert at vi rekk flyet vidare til Sandane. Jadda. Då blir det enten springetur på Gardermoen eller overnatting på hotell og grytidleg oppstod i morgon tidleg. Vi får sjå.

Når eg har tenkt over reisa vår må eg seie at Hiroshima var det som var viktigast for meg. Det var ein dag som gjorde sterkt inntrykk, og eg sette stor pris på at heile familien var med og at dei tok inn over seg historia museet og fredsparken der fortalde.

Det var eit hektisk løp vi hadde lagt opp til på verdsturen vår, men vi la opp dagane etter kor mykje tid vi hadde på kvar plass. Eg tykte det gjekk over all forventning. Har òg i ettertid sett at det jammen var mykje som kunne gått skeis med forseinka fly, sjukdom eller andre glippar. 

Det kunne vi enda med i dag òg, Vi var hos kusina til Knut i Sandnes til herleg lunsj og hageliv i dag. Då vi køyrde derifrå kl 16.45 hadde vi litt tid til bading på Solastranda før flyet. Så ringer svigermor når vi har køyrt tre minutt: «Eg trur de har gløymt noko. Ein passasjer». Jepp - Malene mangla, gitt. Vi heldt på å le oss skakke, og det same gjorde heldigvis Malene. Vi snudde, og då vi kom tilbake hadde heile selskapet stilt seg opp for å ta bølgen for oss. 

Det er berre å seie som Jakob: - Me e håplause. 

No får vi sjå korleis denne flyturen går. Kan jo vere at vi kjem fram i dag, eller at Widerøe-statistikken vår held seg like elendig som før. Rett skal vere rett, det er SAS som skal ta oss til Oslo. 

Etterord: Vi landa 10 minutt før neste fly skulle gå. Sprang opp to trapper, bortover ein lang gang, ned trappa til transfer og tilbake igjen og nederst der Wideroe held til. Vi rakk det, og det mest imponerande er at bagasjen òg vart med. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler