Olsok 2021: Tidleg opp, lang tur, flott plass!

29.07.2021, 10:27

3 kommentarer

Noreg er langt. Veldig langt. Og for å oppleve dette må ein tidleg opp. 04.25 spratt vi opp og ut. 

Så var flyet ein halvtime forseinka. SAS hadde selt fleire billettar enn flyet hadde seter. Men gutelaget til Bryne og jentelaget til Stavanger Ishockey fekk plass. Og vi. Dei 35 minutta vi skulle hatt til å byte fly i Oslo var allereie brukt opp på Sola, så vi var heldige at avgangen til Tromsø-flyet var nabogaten til der vi kom inn. 

1 time og 50 minutt seinare er vi i Tromsø. Flott innflyging over fantastiske fjell. 

Ikkje gale med 7 grader!

Longyearbyen er forresten ikkje oppkalt etter verken årstid, mangel på sol eller andre naturfenomen - men etter John Munro Longyear. Han var ein amerikanar som grunnla byen og var aktiv grunder og starta gruvedrifta der. Dersom vi ser på kartet over Svalbard er det ikkje måte på kor mange (menn) som har funne seg ein bre, ein fjord, ei halvøy eller ein holme som dei kalla opp etter seg sjølv. 

Det var eit fantastisk skue då vi kom inn for landing: 

Og det stemmer det som det står om i alle guidebøker: Det er framleis slik at ein tek av seg på beina når ein kjem inn på eit hotell, ein restaurant el.liknande på Svalbard. Dette heng att frå tida då ein ville unngå å få gruvestøvet inn i husa. Så sånn ser det ut i inngangen til hotellet vårt: 

Vi bur på Basecamp hotell, veldig triveleg og heilt spesielt. Dette er bygd opp av drivved, og veggene er dekka av gamle kaffisekkar frå Brasil. Tømmeret var tidlegare nytta i ei hytte i gruvebyen Grumant. 

Vi måtte sjølvsagt ut og gå ein tur denne første kvelden. Det er alltid interessant å ta ei første rekognosering. Her er noko av det vi såg: 

Ikkje alle kjøpesenter i Noreg der det står oppgitt at våpen ikkje er lov:

Dei typiske spisshusa i ulike fargar ligg sentralt til. Det var 11 slike hus som vart tatt av snøras i desember 2015. To personar omkom. 

Gruvearbeidarane har sett sitt preg på Longyearbyen. No er det berre ei gruve igjen i drift her, men all kraft og varme vert produsert i Noregs einaste kolkraftverk. Blir statue av slikt. 

Må berre skryte til slutt av middagen på Kroa. Vi fordelte oss på nudelsuppe, hjortekjøt, hamburger og klippfisk. Alle var godt nøgde. Og så hadde vi ein himmelsk sjokoladefondant til dessert. 

Del artikkel: Del på X


 #Long 

Relaterte artikler