Fredag 30. juli: Barentsburg og sånn

30.07.2021, 16:33

2 kommentarer

I dag var vi skikkelege turistar og tok turen vestover til Barentsburg. No er dette den plassen som har nest flest fastbuande på Svalbard, nemleg 300 personar. Og dei har skule, sjukehus, bar, hotell, postkontor - og gruve. 

På vegen til Barentsburg passerte vi Colesby og Grubantbyen. Norsk-islandske Betina (guiden) fortalde at Coleby var den første plassen det var prøvd å ta ut kol på Svalbard. Dessverre viste det seg at det ikkje var så mykje i fjella der. Det var det derimot i Grubantbyen (til høgre på biletet over) like ved. Så her byrjar gruvedrifta i 1919, og tidleg på 1950-talet budde det 1100 menneske her.

Akkurat det er det temmeleg vanskeleg å sjå føre seg, no var det fire hus att og plassen er ikkje stor. Det er forresten så langgrunt utanfor Grubant at dei i starten måtte ro kolet ut til dei store lastebåtane som skulle frakte det til Russland. Dette vart såpass upraktisk etterkvart at det vart laga eit jernbanespor til Colesby der skipa kunne legge til. Dette er Svalbard si lengste toglinje med sine 6 km. I 1961 flytta alle frå området, einaste som var att av levende vesen er austmarkmusa som vart innført bevisst tidlegare ein gong.  

Men altså: Barentsburg. 

Då vi kom inn med båten fekk vi valet mellom å ta buss opp til sentrum eller å ta trappene. Gjett kva vi valde. Vi gjorde det same som alle utanom ein som tok bussen. Gutane sprang opp, guiden halsa etter og konstaterte nøkternt at dette var ny rekord opp for trappegjengen. Dette var første gongen ho hadde kome opp før bussen. 

Biletet er frå trappegangen ned igjen med båten ca midt på biletet. 

I Barentsburg fekk vi møte både polarrev og reinsdyr. I tillegg var det ymse arkitektur, mellom anna eit kapell til minne om dei 141 russiske gruvearbeidarane som døydde i ei flyulykke ved Operafjellet i Longyearbyen i 1996. 

Guiden viste oss vegen inn til hotellet i Barentsburg, der var det utsikt til gruvesjaktene og det vart investert i lokal sjokolade og anna søtt. 

Beklager at bileta er i fri flyt når det gjeld retningane, de får snu litt på telefonen, IPad eller hovudet, alt etter kva som er lettast. 

Det er 20 elevar på skulen i Barentsburg. Skulen er dekorert med ei fin blanding av russiske og norske motiv, mellom anna bryggen i Bergen, Nidarosdomen og russiske kyrkjer. 

Her er inngangen til gruvene, som òg er inngangen til hovedkontoret til det russiske gruveselskapet. Gruvearbeidarane brukar ein time frå dei står utanfrå til dei er inne i fjellet der dei skal skape verdiar. Dei brukar heis, tog, sjakt og sikkert andre ting for å kome seg både til og frå. Gruva i Barentsburg er ei av få gruver som både er i drift og som tek imot besøkjande. Det får bli ein annan gong. 

Det høyrer med ei Lenin-statue i alle russiske busettingar, dette er ikkje eit unntak. 

Den russiske guiden hadde òg deltidsjobb som postfunksjonær på postkontoret. Ikkje sei noko til mor, men det kan vere ho bør sjekke om det kjem eit postkort nordafrå i løpet av dei komande vekene. 

På vegen tilbake med båten kom sysselmannen sitt helikopter og hadde seg ei treningsøkt. To menn vart senka ned på båten frå helikopteret, og to av dei tilsette på båten fekk trekke i overlevingsdrakt og prøve å bli heist opp til (og ned frå) helikopteret. Alt skjedde i fart, stilig å sjå på. 

Då vi kom tilbake til Barentsburg hadde Malene landa på si ferd frå Rogaland. Ho var hoppende glad for å sjå oss igjen. Vi fekk oss ein strålande tur til ein restaurant som Knut hadde funne på TripAdvisor. Denne matplassen hadde veldig høg score på mat og lokalitetar av gjestene sine, låg 2 km utanfor sentrum (i feil retning). Einaste som var litt uheldig var at han ikkje var open. Men turen var bra, ikkje regna det heller - og det var nedoverbakke tilbake. 

På Svalbard har dei bilskilt som er ulike frå dei fastlandet, svarte med kjenneteikn ZN. Nokon er endå meir unike enn andre. 

Det er bibliotek her, sjølvsagt, og det kan vere at det blir levert inn ei bok på Bjerkreim folkebibliotek om nokre veker som har ei lang reise føre seg. Og lånaren måtte som andre stader i Longyearbyen setje frå seg skoa medan ho var inne. 

I morgon, laurdag, blir det ikkje lagt ut ny blogg. Vi vert henta kl 08 for ein todagars gåtur med overnatting i telt. Men søndag - då blir det truleg fortalt om nye opplevingar. 

Del artikkel: Del på X


Relaterte artikler