31/7-1/8: Fottur frå Colesby til Longyearbyen LYR (flyplass). Del 1

01.08.2021, 16:16

Det er utruleg kor heldig ein kan vere. Sit i Vikesdalslia tidleg i juni og bestiller todagers gåtur på Svalbard dei to einaste dagane som er aktuelle for oss. Og så endar vi opp med å få det finaste vêret dei har hatt i sommar - akkurat når vi vandrar i fjellet her. Sol og vindstille då det gjaldt som mest. Tørt og fint i bakken var det òg. 

Vi hadde tinga turen av Better Moments, og Matts frå Sverige var guide. Vår privatguide, faktisk, for ingen andre hadde meldt seg på denne turen akkurat desse dagane. 

Matts henta oss på hotellet kl 08 og vi var bortom kontoret deira og pakka våre ting opp i sekkene som dei hadde gjort klare til oss. Vi hadde berre med klesskift, resten lånte vi av dei. Det vart litt styr med ompakking, men eg forsikra han om at vi er betre til å gå enn til å pakke. Og det viste seg å stemme. 

Så var det båttur sørover til Colesby. Vi fekk meir informasjon om turen, når vi skulle ha pause og når vi kunne vente stigningar. Dette fekk sjølvsagt berre dei som heldt seg vakne med seg. 

Vi vart sett i land med gummibåt, og som seg hør og bør var første strafferunde at det eine solbrilleparet låg igjen på hovudbåten og måtte hentast av båtføraren på ein eigen tur. Alt e so de pla. 

Det var litt artig, for sjølv om vi skulle gå ganske langt, hadde vi god tid til å sjå i dei husa som stod igjen i Colesby etter då russerane hadde kolproduksjon her og i Grubantbyen. Det stod mellom anna att eit hus som hadde vore sjukehus, så det måtte vi sjekke ut før vi gjekk. Knut måtte bak eit hjørne før vi tok på sekkene, og for å få litt fortgang ropte Malene at han måtte kome, det var ein isbjørn bak han. Då sa guiden at slikt spøkte ein ikkje med her i området. Då ropte ho at det var ein polarrev, og det var greitt for alle. Og faren kom og vi kunne gå. 

Det er jo slik at isbjørn er eit moment som må reknast med i alle samanhengar her på øygruppa. Geværet var med og ladd frå første stund. Det vart heldigvis ikkje bruk for det. 

Første strekket var flatt og fint, parallelt med eller delvis på ein jernbanestrekning. Her hadde kol frå Grubantbyen blitt frakta til Colesby for utskiping (nemnt i fredagens blogg). Vi gjekk nokre strekk inne i togtunnelen, andre utanfor. Og temmeleg mykje på jernbaneriller ute. 

Då tunnelen gjekk inn i fjellet måtte vi gå opp over fjellet og så ned igjen for å kome til Grubantbyen. Dette var temmeleg bratt og på laus stein.

Vi gjekk vel faktisk ikkje på sti nokon plass, nesten. 

Nede i Grubantbyen fekk vi endeleg kaffi. Her tok vi bilete til julekortet til alles glede og jamnt fordelt entusiasme før vi fekk gjennomsøkt særleg eitt bygg som stod igjen her frå storhetstida på 1950-60-talet. Guide Matts var kjempefornøyd. Han hadde aldri vore der med så nysgjerrige folk før, så han fekk endeleg sett inni alle rom og etasjar der taket heldt. Det var berre i nokre rom at golvet gynga, og dei fleste trappetrinna var intakte. 

I Grubantbyen er det altså eit museslag som er fastbuande, og ho sprer ein parasitt som vi håpar vi ikkje har tatt med oss. Denne parasitten tek det 20 år frå ein får til ein evt merkar noko til og blir sjuk av. Heldigvis tok det fleire minutt frå Matts guide hadde fortalt og advart mot denne til Jakob sette seg ned og fingra med noko som låg laust på bakken. Vi reknar med at legevitskapen har utvikla motgift i løpet av dei komande tiåra slik at ingen får varige mèn av stoppen her. 

Herifrå gjekk det berre oppover. Bratt oppover. Men vi har lært oss å ta eitt steg om gongen, og då går det jamnt og fint. Vi såg reinsdyr, mange ulike fugleslag og hadde det eigentleg veldig bra. Det var jo ei fantastisk utsikt heile vegen. 

Det er veldig mykje som ligg rundt omkring i naturen her. Det er glasskår, metalldeler, vaierar, plankar, halve bygningar og utstyr elles som minner om både leiting etter og utvinning av kol.

Mykje er verna og kan ikkje fjernast av den grunn. Andre ting har ein ikkje klart å bli einige om kven som har ansvaret for å rydde bort tinga, så då vert det liggjande akkurat der det er. Det er ikkje greitt for fugle- og ikkje minst dyrelivet med eksempelvis reinsdyr - som viklar seg inn i strengar og ikkje kjem seg laust. Og det er verkeleg over alt. Langt oppe på vidda og heilt nede ved fjorden. 

Leirplassen var på eit platå høgt oppe, rett over fuglefjellet nord for Grubantbyen. Det bles opp på kvelden og vart ganske kaldt, men det var veldig, veldig fint.

Vi hadde skikkelege telt og utstyr elles. Så var det klart for isbjørnvakter: Malene sat frå kl 00-02, Knut kl 02-04, Viljen kl 04-05 og eg hadde sjarmøretappen kl 05-06. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler