Gåtur, del 2: Natt i telt, isbjørnvakt og retur til hotellet

02.08.2021, 21:04

2 kommentarer

Natt i telt er natt i telt, uansett kor fint det er utanfor. Eg søv i alle fall mange gonger kvar gong eg ligg i telt, men det var absolutt av dei beste nettene eg har hatt av denne type overnatting. Eg fekk med meg alle vaktskifte av isbjørnvakter. Malene sat frå kl 00-02, og du verden som det bles. Vi hadde heldigvis ein jervenduk og Knut lånte villig ut Bjerkreim idrettslags-ski-jakka si, det var gode greier. 

Eg hadde mi vakt frå kl 05-06, då var det allereie byrja bli varmt i teltet, og det var heilt fantastisk flott ute. Eg var knallheldig med den. Midnattssol har sin sjarme, det er ikkje tvil om det. 

Vi hadde ein havre-müsli-frukostsak med rosiner og syltetøy på til frukost. Gode greier! Etter nedpakking av telt og berre ein hanske var sakna, så gjekk vi ein liten tur og såg ned til Grubantbyen - frå endå ein ny vinkel. No har vi sett han frå sjøen, frå sør, nord, oppafrå og innafrå. Kult. Han er heilt nedi der, laaaaangt ned: 

Turen på dag to var mykje lettare enn første dag. No var det endelause vidder og nær kanten av fjellmassiva før nedturen og over ei elv. 

Ungane tok heilt av og guiden sa stadig vekk: Det går ganske fort, det blir tidleg lunsj! Vi kunne sjå over til feltet der mellom anna NASA og Tesla har satellittstasjonar, like ved flyplassen. 

Vi var berre så utruleg heldige med vêret! Det hadde nok vore lågare odds for skodde og lett yr enn vindstille og sol. 

Når vi kjem heim skal eg lage fotobok. Ho skal heite "Fire ryggsekkar på gåtur på Svalbard".

Berre 15 prosent av Svalbard har vegetasjon. Det er veldig kort sesong for både gras og blomar, men dei er veldig fine dei blomane som er her. 

Vi såg òg ein god del reinsdyr, men dei er akkurat så sky at dei blir veldig små på mobilkameraet. 

Vi hadde ein tepause ute på ein topp som heiter "Fuglefjellet" og er ein del av Longyearbyen sitt toppturprogram. Fantastisk utsikt derifrå òg. 

Så var det 500 høydemeter nedover på 700 meter, viss eg hugsar rett. På laus stein. Prøv det den som vil. 

Men humøret var bra. 

Så kom vi ned til eit elvedelta. 

Då var det tid for lunsj før vi kryssa elva. Nokre gjekk for barfotversjonen, andre hadde vadesko. 

Ein stad var ho såpass stri, elva, at vi måtte gå sidelengs. 

 

Men elva gjekk berre opp til litt oppå leggane på det høgaste, oftast går ho over knea, så vi var heldige med det òg. For ein gjeng, for ein tur og for eit ver. Vi trur at det alltid er sånn på Svalbard. 

Vi returnerte til Longyearbyen i ein bil som var plassert ut nær elva vi gjekk over. Vi såg etter kvalrossar langs fjorden, men det var dessverre ingen der då. På kontoret til turarrangøren sorterte vi utstyret; det som var lånt frå det som var vårt. Knut skulle absolutt sjekke oppi min innersovepose for å sjekke om hansken han sakna låg der, og jammen hadde nokon plassert han der. Litt irriterande at han var akkurat der, men sjølvsagt mest bra at han dukka opp. Dei vottane som Jakob hadde lagt igjen i magebeltet på sin sekk, derimot, var det ingen som leita fram. Vi satsar på å få dei levert til hotellet før vi har retur til fastlandet uti veka. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler