02.08.2021, 21:45
Lang båttur i dag - til Pyramiden. Dette er ein kolstad russarane kjøpte av svenskane og bygde opp til ein by som skulle vere eit paradis for innbyggjarane. Siste kollast vart skipa ut 31. mars 1998, då hadde på det meste 1100 personar budd der. No er det 20 igjen.
I dag var det båten Polargirl som køyrde oss innover Isfjorden og til slutt inn den trangare Billefjorden. Det var interessant å samanlikne denne byen med gate, Leninmonument, badebasseng, konsertsal og gymsal med Grubantbyen som hadde like mange innbyggjarar 30 år tidlegare. Det var stusslege greier i forhold.
Det var ein fantastisk båttur innover i sol og heilt klar sikt.
På vegen kom helikopteret til sysselmesteren - redningsøving i dag òg. No byrjar vi å bli blaserte og har opplevd dette før, men det er både kult og har høg lyd.
Vi hadde to timar i Pyramiden med guiden Igor. Ja, han er russisk. Vi gjekk rundt i den tidlegare byen ilag. For kort tid sidan gjekk det ein isbjørn gjennom sentrum, og vi har oppdaga at ingen guider ler av isbjørnvitsar.
Pyramiden fekk namnet sitt av svenskane. I følge den russiske guiden hadde ikkje svenskane brukt særleg lang tid på å velje ut det namnet: Dei hadde berre sett seg rundt, sett at det var eit spisst fjell som likna på ein pyramide, så var det namnet bestemt.
Pyramiden er framleis under russisk styre. Dei som bur og styrer der er russarar, og kvar siste veke i månaden får dei besøk frå Russland av nokon som kjem med forsyningar og som ser til at dei gjer det dei skal for løna si. Dette òg i følge Igor. Flyplassen der helikopter frå Russland landar såg temmeleg enkel ut.
I storhetstida til Pyramiden hadde dei veksthus med grønnsaker, blomar og krydder. Dei hadde grisefarm, høner og ein hest med kallenamn Rektor. Som så mykje anna på Svalbard der aktivitet har blitt endra eller lagt ned - det kostar meir å fjerne ting enn å berre la det ligge som det er og reise vidare tomhendt. Så her står òg alt att som det var.
Det var 1000 arbeidarar her på det meste. Einslege kvinner budde i "Paris" sidan nokre av dei gjekk på franskkurs. Huset til einslege menn vart kalla London. Det var eigne hus for dei med familie. Dette huset vart kalla "Mad house" pga at det ofte var stygt ver slik at ikkje ungane kunne gå ut. Då var det mykje hyl og skrik frå dette huset, og det kunne vere skummelt å gå forbi i mørket. No har måsane flytta inn i dette huset, og det er framleis utruleg mykje lyd derifrå. Tips frå Igor: Dersom du skal bu på hotellet i Pyramiden, be om eit rom med oddetal. Desse har vindauge mot motsett side enn huset med måsane. Det var forresten verken WiFi eller dekning på hotellet, men det var ein skjem som viste dokumentarar om Pyramiden.
Det var få, om nokon, i Pyramiden som hadde eige kjøken. Alle åt i den same kantina, og dette huset var ein tur av guideturen. Over trappa opp til kantina var det eit fantastisk mosaikkbilete.
Framleis står kokekar og det meste av utstyret inne i det som var kjøkenet. Det var temmeleg svære gryter som skulle til.
Det er mykje ein kan ha rekorden i, og Pyramiden har verdas nordlegaste svømmebasseng utan vatn i. Dette vart bygd midt på 1980-talet, har utskjeringar i taket og fastmontert seierspall. Symjehallen var kalla opp etter Juri Gagarin, første mann i verdsrommet.
Der er òg framleis ein heilt fin gymsal der det vart arrangert turneringer mellom Longyearbyen, Barentsburg og Pyramiden - eksempelvis i volleyball. Dette skjedde òg under den kalde krigen, så det er jo litt artig.
Kultur er viktig, det kan ein ikkje vere ueinig i. Og her var det òg ein konsert-/kinosal med plass til 300 personar. Vi fekk fortalt at dei framleis hadde 20 000 filmar frå Sovjettida liggjande, så dersom ein sette av litt tid i Pyramiden skulle det nok bli råd med underhaldning.
Det var skilt ute som det vart forventa at ein fotograferte. Kunstnaren hadde visst aldri sett ein isbjørn, og byen ligg på 78 grader, ikkje 79. Elles bra skilt.
På returen av båtturen var vi først innom Nordenskiøldbreen, oppkalt etter den svenske forskaren med same namn. 60 prosent av Svalbard er dekka av is, og denne var temmeleg svær.
Vi stoppa òg ved eit fuglefjell. Det artigste her - vi hadde jo sett fuglefjell mykje nærare frå kanten ovanfrå på gåturen - var polarreven som luska under berget. Her fekk han seg nok både fugl og egg til alle måltid. Det står mange stader om dei andre dyra som bur rundt fuglefjella, så det var artig å sjå det. Han kom diverre ikkje så tydeleg fram på biletet.
Båtturen var eigentleg ganske lang. Vi vart henta på hotellet kl 08.30 og hadde retur til hotellet kl 19. Men vi såg kval (nokre av oss såg helst plasket) og reinsdyr. Og så spelte vi kort. Knut fekk seg nye vener frå Nærbø og Sokndal.
Vi åt middag på Stationen. Det vart tre gonger spareribs og to gonger iberico.
Kanongodt!