Tysdag 3. august: Gruve 3, museum og Malene forseinka heimover

03.08.2021, 20:59

4 kommentarer

Litt uroleg natt i dag - men ikkje desto mindre kjekk: Vi var fyrst vakne kl 02.05 og såg Philip Ingebriktsen som ikkje kvalifiserte seg vidare i OL. Malene kom inn til oss andre og vi sat rundt IPaden og såg på nyerverva Discovery+-prøveabonnement. Kl 02.27 sprang Jakob leikande lett inn til vidare deltaking. Så sov vi litt igjen - og det var storveges 05.20 då Karsten Warholm dundra inn til OL-gull og verdsrekord. Viljen sov gjennom alt. 

Då vi kom ned i dag hadde vottane Jakob hadde lagt igjen i sekken etter gåturen kome til hotellet. Så no trur eg at vi har alt på stell. Får nyte det så lenge det varer. 

I dag var det tid for omvisning i gruve 3. Dette er ei gruve som vart lagt ned i 1996 og som no fungerer som besøksgruve for små grupper. Vi var 11 personar + ein flink dansk guide. 

Han fortalde om utviklinga i byen og i gruvene, då det var amerikanarane v/Longyear som dreiv gruvene før Store Norske Spitsbergen kullkompani tok over i 1906. 

I starten var det tre krav til gruvemannskapet: 

1. Måtte vere mellom 18-36 år ved tilsetting (ung og frisk)

2. Måtte vere skandinav (for å kunne snakke saman og unngå misforståingar. Guiden var litt i stuss om det virka, for det kom ein god del trønderar)

3. Måtte vere mann

Punkt 3 vart unngått då Anbjørg frå Finnøy fekk arbeid i gruva på 1970-talet. Ho sette seg som mål å oppdra karane, og ho sette seg i respekt. Ho fekk kallenamnet Mor Theresa og det var laga eit bilete som vitna om hennar syn på ting. 

Alle som arbeidde i gruvene måtte sjekke inn og ut. Det var tydeleg at det med kallenamn var utbredt. Eg håpar det, i alle fall. 

Gruvegangene går innover i fjellet, vi gjekk ca 800 meter innover og hadde då 4-500 m fjell over oss. Det var kaldt, er jo permafrost og ca -3 grader inne i gruvene. Vi fekk sjå utstyr og høyrt forteljingar om korleis arbeidet vart utført.

Kolet ligg som syltetøylaga i ei blautkake, og gruvearbeidarane skulle reinske ut dei laga med kol som var tjukke nok til å gje økonomisk forteneste. Vi fekk prøve å krype innover dei 60-90 cm høge klaringene der kvart skift låg og skrapte og hakka ut kolet. Det var kaldt, mørkt og trangt sjølv utan utstyr. 

Inne i fjellet var det òg to andre område: Eit arkiv der mellom anna UiS, MC Donalds og Vatikanet hadde levert ting som låg på mikrofilm til oppbevaring. 

Det var òg ein frøbank frå 1984 inne i gruva, ein tidlegare versjon av den som no har inngang like nedanfor gruva. 


Vi fekk oss lunsj før Malene tok flybussen for retur til Vikeså. Ho skal på arbeid onsdag kveld. Heldigvis er ikkje arbeidsstart før langt ut på dagen, for flyet frå Tromsø-Oslo vart kansellert, så ho fekk ein tur via Bodø til Værnes og overnatting før TIDLEG fly via Oslo til Stavanger onsdag morgon. Flyflaksen har gått frå mor til dotter. 

På ettermiddagen var vi på Svalbard museum. Dette var fint opp bygd med både historie om Svalbard, om fangst, energikjelder og oppdagarar. Og naturleg nok litt om klimaendringar. 

Gutane fekk prøve å leite etter fossilar. 

Dei var først ferdige og la seg til rette i selskinnavdelinga. 

 

Dei hadde sjølvsagt ei fin avdeling med souvenirar og andre ting ein berre treng. 

 

I kveld deltok vi i ei lysmesse i Longyearbyen kirke. 

Fin både utenpå og inni. Og kyrkjekaffi med vafler og saft etterpå. 

Litt artig å møte og snakke med fleire som bur her. I tillegg vart vi svært imponerte av ein ung meksikansk student som hadde flytta til Noreg for å studere havis. Han hadde lært seg å snakke norsk gjennom internett, hadde ikkje gått på noko kurs, og det var ikkje vanskeleg å føre nokon samtale med han. Imponerande! Ein annan som vi åt vafler med skulle snart på ferie til fastlandet. Han såg mest fram til å kome til Nordfjordeid og Hellesylt, det var jo dei finaste plassane i landet. 

I kveld fekk eg meg endeleg ein joggetur. Måtte ta litt pausar for å ta bilete at dei/det som møtte meg langs vegen. 

Flott lys. Det er artig at dei er så gode på å ha fargar på husa her. 

Før leggetid rakk vi eit par runder med "Bezzervizzer", eit kunnskapsspel. Vi sat oppe i fellesarealet som har glas i taket. Lyst og fint no for tida, om vinteren kan ein sjå nordlys her. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler