Onsdag 4. august: Hundesledetur!

04.08.2021, 13:36

Dagens program var hundesledetur. 

Men først stod vi opp og hadde mellom anna vafler til frukost som vanleg. Dette hotellet er berre SÅ triveleg. Langbord av drivplank i spisesalen. 

Vi fekk rapport frå Malene som hadde overnatta på Værnes. Ho kom seg heim eit halvt døgn etter planen. 

I dag var det tid for å køyre hundeslede (med hjul under). Det var berre så kjekt! Guide og hundeførar Nikolas henta oss på hotellet. Vi fekk låne kjeledresser til å ha over våre eigne klede, heldigvis. 

Først måtte vi helse på hundane. Dei budde i kvar sine hus med namna sine på. 

Det var artig at vi med ein gong kunne sjå at hundane hadde fått namn som passa deira personlegdom. Nokre betre enn andre. 

Vi byrja med å sele på to spann. Eitt med åtte hundar til guiden, Jakob og meg, og eitt med seks hundar til Viljen og Knut.

Langs vegen var det sett ut kvite 10-litersdunkar med vatn slik at hundane fekk litt drikke på korte stopp undervegs. Vi bytte på å køyre og køyrde på vegen. Ein kan ikkje køyre på vidda pga at hjula set spor det tek tiår å fjerne frå tundraen. På gåturen såg vi 60 år gamle hjulspor som framleis var tydelege i landskapet.

Det var jammen mykje krefter i hundane!

Nikolas har lang erfaring som hundekøyrar. Han har til og med budd i Alaska i fleire periodar og deltatt i verdas lengste hundesledeløp. Så vi var i gode hender. 

Då vi kom tilbake til hundegarden fekk vi helse på eit kull med kvalpar som var to månader gamle. Det var berre SÅ søte! 

Litt herleg å ha god tid til lunsj (Fruene, igjen!) og bibliotekbesøk medan Knut hadde telefonmøte med dei andre smittevernoverlegane i Rogaland. 

Det er artig å gå rundt her i denne tettstaden som er ein by med ca 1800 innbyggjarar. Tusen færre enn i Bjerkreim, altså. Alle husa står på pålar pga permafrost som gjer det uråd å bore ned til fjell. 

Sentrum er ei samling med hus nederst i dalen mot fjorden. 

Snøskuterar står det plassert overalt. Dei ventar på snø og vinter, og det er nok mykje penare og ser ryddigare ut her når alt er dekka av snø. Slik er det jo mange stader. 

Gatene har nummer - som i New York. Som det stod på eit oppslag på museet:

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler