Torsdag 5. august. Siste dag: Skattejakt

04.08.2021, 22:31

3 kommentarer

Punkt nummer ein i dag var pakking, nummer to var å kome oss innom biblioteket og hente hua som Viljen la igjen der i går. 

Og så skulle vi på skattejakt/oppdagingsferd ut frå ein del spørsmål i eit opplegg vi hadde meldt oss på. Men det regna såpass at vi heldt oss inne lenger enn først tenkt. Innsåg kor utruleg heldige vi har vore som har hatt sol og opphald alle dagane med ganske mykje program. I dag har vi berre avreise kl 13, så det er ikkje så veldig veravhengig, akkurat. 

Men så gjekk vi altså ut. Dei fleste oppgåvene var knytt til gamlebyen rundt kyrkja. Første funn var minnesmerket etter grunnleggaren av byen. 

Så var oppgåva: "Jeg er en liten isbjørn som viser tiden. Om sommeren virker jeg døgnet rundt, men er ubrukelig i mørketiden."

Denne var litt fiffig: "Jeg lager ikke lyd, men har offisiell status. Du kan finne meg på en av de eldste bygningene i byen. Telegrafstationen var så liten at den unngikk bombingen under den andre verdenskrig."

Vi hadde vore i området fleire gonger tidlegare, men det er nyttig å skulle leite etter noko. Då såg vi plutseleg både det eine og det andre som vi ikkje hadde lagt merke til før. 

For å gå til og frå den eldste delen av byen gjekk vi på ei gangbru som var knytt til ei rørgate over elva. 

Inne i sentrum fekk eg auge på eit tremonument som eg ikkje hadde sett tidlegare. Det viser korleis gruvearbeidarane arbeidde liggjande med tunge verkty, i slike smale passasjer vi prøvde under Gruve 3-omvisninga. Det får eg setje inn bilete av ein annan dag, no er dagens 15 bilete brukt opp (grense på Bloggi). 

No sit vi på biblioteket og let tida gå før flybuss og retur. Viljen har fått igjen hua si og vi får byte av oss ytterklea før den tid. Takk for følget på bloggen! Kjekt at du les. 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler