Torsdag 3. juli: Gardsbesøk og Madagaskar - Norge 3-5

Astrid Apalset
Astrid Apalset Vassbø

Antsirabe er ein samansett by. Utruleg mykje folk, mange kremmarar som sel likt og ulikt, nytt, brukt og heimelaga. Vi ser hyller, klede, solbriller, peanøtter, høner, fliser og belegningsstein, tømmerstokkar og frukt. 

Dette var dagen Reinert har sett mest fram til på heile turen, trur eg. Og det vart ein veldig bra dag. 

Alle over 40 reiste på tur til jordbruksskulen Tombonsola. Denne skulen har nyleg feira 60-årsdag. Tidlegare var han driven av NMS, men som det meste andre NMS har eigd og drive har den gassisk lutherske kyrkja tatt over. 

Reinert har på tidlegare besøk på Madagaskar mellom anna budd og arbeidd på Tombonsola. Han har laga brønn og ikkje minst montert i sikringsskap. Vi fekk sjå inne i eit sikringsskap, og der var det ulike komponentar merka «Dalane energi». 

Reinert har bistått eit ungt par som har kjøpt seg ein gard på nabotomta til jordbruksskolen.  Han vart kjend med dei på eit tidlegare besøk og har hatt kontakt med dei i etterkant. Vi besøkte dei og såg kor godt dei dreiv med høner, griser, mais og ris.

Merk maisen som heng til tørk under taket - skal bli mat til grusene.

 På sjølve skulen var det òg produksjon mellom anna av mjølk og bananer. Det var mykje utstyr som eg kjende igjen frå gardsdrifta på Apalset på 70- og 80-talet. Det var jo litt artig. Mannen vi besøkte som arbeider som mekaniker på jordbruksskulen fortalde at alt var gamalt - men virka. 

Så var det tid for fotballkamp. Landskamp, faktisk. I dag var det Jakob sin tur til å bli dårleg. No er det berre Jørgen igjen som ikkje har kjent noko på mageproblem. Jakob manna seg likevel opp til å stå i mål første omgangen då «Rubb og stubb» frå Madagaskar (miksa lag) møtte norske Vassbø/Skalstad/Apalset/Iversen. Etter at yngste Apalset Vassbø måtte gje seg kom Jan Ragnar Hagen inn som superreserve. 

Gassarane kom godt i gang og leda raskt 2-0. Utlendingane vart kanskje tatt litt på senga av den gode motstanden, ikkje minst av Tic - sjåfør, musikar, lunsjservitør - og no fotballspelar - som enda opp med å skåre tre mål for heimelaget. Nordmennene kom etter kvart godt inni kampen. Etter to omgongar a 15 min stod det 3-3. Så vart det ein tredje omgang med 15 min og etter at Viljen som spelte spiss endeleg byrja å treffe mål vart det 3-5 like før slutt. Stor jubel i publikum som til forveksling likna ei gruppe frå Amish-folket. 

I ettermiddag var det musikkstund der vi vart presentert for prosjektet «Musikk forandrar livet». Dette er eit tilbod til barn som får lære å synge i kor, spele instrument og danse. For ein gjeng! Dette var utruleg bra. Ei av dei som driv prosjektet er norsk, i dag var det mannen hennar (ein gassar og tydeleg eit musikalsk unikum) som leia gjengen. Dei song mellom anna «Jesus elsker alle barna» (på norsk), «We are the world» og «You Rise me up». I tillegg hadde dei strykegruppe som heldt eit høgt nivå!

Per Kristian og Terje hadde med seg to fiolinar frå musikarar i Kristiansand som har vore her fleire gonger. Dei to og Gudrun spelte fleire stykke, mellom anna av Ole Bull, norsk folkemusikk og Ave Maria. Litt artig var det at barna opptrådte med dans, og eine gruppa stilte med drakter frå Tasta handball. 

Som siste innslag spelte Per Kristian saman med dei lokale musikarane. Veldig veldig flott. 

Alt som kan skje når ein samarbeider og vågar å møtast på tvers av nasjon, kultur og økonomi! Det har vi fått oppleve til gangs i dag. Det var nok derfor vi reiste. 


Publisert: 03.07.2025, 16:45


Andre artikler