Fredag 4. juli: Siste langtur til Tana

Astrid Apalset
Astrid Apalset Vassbø

Ein treng ikkje hanar i Antsirabe. Ein har kyrkjeklokker med klokkespel som kvar morgon kl 06 slår seks slag, ein kort trudelutt og så eit vers av ein salme. Først den katolske kyrkja, deretter den lutherske. Som Jan Ragnar sa: Det er berre kvite folk som søv kl 06, gassarane står opp når sola stig. 

Fekk trent styrke før frukost. Det er eit styrkerom på dette gamle NMS-anlegget, og dei har akkurat det eg treng av lause vekter og ellipsemaskin for å halde hamstring og kne i sjakk. 

Etter frukost for vi med bagasjen på taket og svigerfar og Jakob i den vesle bilen. Dei siste dagane er det Jakob sin tur med det som har hedra namnet omgangssjuke. No i ettermiddag virkar han pigg igjen, det er godt. 

Vi køyrde og køyrde. Godt å sjå at dei har ein stor stab med vegarbeidarar. Litt artig den eine plassen der det var dirigering av trafikken, eine vegbana var stengt og dei slapp forbi ei retning om gongen. Vi var nummer to - bak ei oksekjerre med trevarer. Dei hadde det akkurat travelt nok til at dei ikkje kunne gå til sides, det var vel ikkje så god plass heller. Så slik gjekk det - ting tar så lang tid som det tek. 

Det er veldig mykje fint å sjå langs vegen. Det er veldig mange kyrkjer - baptistar, lutherske, katolske. Ikkje tvil om at kyrkja er ein stor maktfaktor på Madagaskar og i mangel av ein stat som tek ansvar er særleg skulesektor, men òg helsesektor mykje drive av kyrkja. 

Ein busk i vegen fungerer som ein varseltrekant. Då må vi passe på. 

Eit anna lokalt konsept som eg berre hadde høyrt om tidlegare var at ved store hol stiller gjerne barn seg opp med spade, flytter litt sand ned i gropa når det kjem ein bil, så vil dei ha betalt for jobben. Såg ein slik variant i dag: Ein bestefar sat i vegkanten med eit raudt flagg, så stod ein gut med spade og lødde i litt då vi kom køyrande. Kanskje nokon andre betalte dei for umaken. 

Mykje fin natur å sjå og frodige marker. Det er vanskeleg å forstå at folk må svelte med så godt jordsmonn. Han presidenten skulle tatt seg ihop og fått gang på ting!

Surrealistisk då vi nærma oss sentrum i hovudstaden Antananarivo og såg ei flunkande nytt gondolbaneanlegg med veldig mange vogner over eit langt spenn: Hadde aldri kome i gang fordi dei mangla straum.

Elles var det lite som skjedde, vi hadde ein pause og kl 16 kom vi fram til hotellet der vi bur, like ved flyplassen. Gjekk ein tur i kveld og såg litt på lokalt handverk. Såg at vi hadde betalt dobbel pris på noko vi hadde kjøpt tidlegare på turen, men vi går ikkje svoltne til sengs av den grunn. Det vart mørkt på veg tilbake til hotellet.

Basseng på toppen av hotellet, men utan oppvarming og når det er vinter her var det eit avkjølande bad for dei som steig uti. 



Publisert: 04.07.2025, 17:18


Andre artikler