Laurdag 5. juli: Krokodiller, bryllaupsdag og avreise

Astrid Apalset
Astrid Apalset Vassbø

For eit fantastisk hotell! Fleire av oss må innrømme at det var litt godt med eit hotell siste natta med litt høgare standard. 

Vi på vårt rom - som i dag har vore gift i 28 år! - vakna tidleg. Då vi sjekka yr for å sjå når det var soloppgang i Antananarivo var det eitt minutt seinare. Vi spratt opp, på med nok klede til å springe opp til 5. etg og nyte soloppgang og hanegal. 

Dagens program før flyplasstid var besøk til ein krokodillefarm. Her hadde dei oppdrett, og første møte var 3-årige krokodiller som snart skulle slaktast mellom anna til skinnproduksjon. Likna litt på eit kyllingoppdrett. Det hadde dei forresten og sidan dei mata krokodillene til saman med eit tonn kylling i veka. Dei største krokodillene var 400 kg. 
Dei dreiv og med avleggarar, stiklingar eller kva det heiter når det er baobabtre. 

I tillegg var det mellom anna slangar, fuglar, kameleonar, skjelpadder og gekkoar. Nokre gekkoar var faktisk verre å få auge på enn kameleonane.  

Dei hadde nokre flotte fuglar, mellom anna falk. 

Vi fekk helse på ei kolumbiansk skjelpadde som var ganske lita, og ei kjempestor som no var 80 år gamal og kunne bli 300 år. Ho såg allereie temmeleg sliten ut, men korleis ho vert om 220 år får vi nok aldri vite. 

Dei hadde ein albinokrokodille som var 25 år gamal. Ho vart så mobba av dei andre at ho hadde fått eit område for seg sjølv. 

Dei krokodillene som vart brukt til å lage nye egg hadde eige basseng, og højdaren på besøket var dei 250 i ein innsjø der vi kunne gå ut på ei øy med dyra rundt. Veldig kult.

Flott anlegg med mykje grønt, flotte kaktusar og blomar. Her er Terje. 

Eine kaktusen var så giftig at dersom ein fekk han i ansiktet kunne ein bli blinde. 

På veg til og frå parken køyrde vi forbi aldri så mange som har til arbeid å knuse stein. Aldri har «handlaga» klinge dårlegare. Som Malene sa: Dei må aldri få sjå bilete frå Titania. 

Innom hotellet etter bagasje, ein flott marknad for å bruke opp pengane - på litt meir krydder, litt fletta korger, kaffi mm. Det er forskjell på folk, du, så heldige vi er! 

På flyplassen fekk Viljen lada mobilen sin med pedalkraft. 

No er det snart avgang! Lang tur vekk betyr lang tur heim igjen. 


Publisert: 05.07.2025, 12:58


Andre artikler