Søndag 6. juli: Eit reisedøgn, så kjem vi vel heim

Astrid Apalset Vassbø
Alt har gått heilt utruleg bra, og no er vi på Gardermoen. All bagasje kom til Oslo, og det gjekk raskt gjennom tollen og å få sendt bagasjen vidare til Stavanger.
No har det blitt googla kor lenge vi bør halde på med malariamedisinen, må nok kjøpe ein pakke til på deling - iallfall for Jakob, Viljen og eg som har hatt flest myggestikk.
Mellomlanding på tre timar og god tid til refleksjon og gjennomgang av kvar vi gjerne ville hatt meir tid, kva som har gjort mest inntrykk og jamn takksemd over alt vi har fått oppleve. Vi skulle gjerne hatt meir tid i høylandet på den ranchen som er eigd av ei tysk dame. Det var midt i ein nasjonalpark som vi gjerne skulle hatt ein dag og gått tur i.
75 prosent av mennene på Madagaskar har alkoholproblem, har vi fått høyre. Det har vi heldigvis ikkje sett mykje til. 80 prosent av alle vaksne driv med grønnsaker/jordbruk, men veldig få av desse er profesjonelle. Det at NMS og norske bidrag har støtta minst to landbruksskolen har nok vore viktig å arbeidet for å få betre utnytting av jorda og større avlingar.
Madagaskar er 10. fattigaste landet i verda. Det kan vi tru etter det vi har sett - ikkje minst ute ved kysten. Vi fekk høyre, og det kan eg gjerne tru er rett, at dei som bur langs kysten ikkje treng å planlegge så mykje pga at det er avlingar heile året. Dit vi kom undervegs meir med høgland og kaldare klima er det viktigare å dyrke med tanke på å legge seg opp litt til tider utan vekst.
Legg til nokre bilete som ikkje har nådd fram i konkurransen tidlegare på turen. Først: Hus som vi såg mange ut på reisa frå kysten. Liknar veldig på huset den første grisen hadde i eventyret om ulven som kom og klarte å blåse ned huset av strå.

Fugleparken første dagen i Antananarivo. Veldig ivrig guide.


Lemurane er no kule, då!




Stor takksemd over reiseføljet, god stemning, ein fantastisk reiseleiar og lagleg ver. Vi har sett at det går an å gjere ein forskjell for folk ved å legge til rette for sjølvhjelp og tru på at alle har ei framtid og ein verdi. Ein må byrje med ungane. Men om dei ikkje har mat er det lite anna som betyr noko.
Takk for reisa og føljet! Inspirerande å sjå at folk har leita fram bloggen både i Noreg, men endå meir overraskande med lesarar både i Nederland, USA, Canada og Brasil.