Måndag 6. juli: Litt meir byvandring og høghus

Astrid Apalset Vassbø
Oppe midt på natta og såg Norge slå Brasil 2-1, heilt vilt. Under frukosten heia vi på Mexico, men dei tapte og det er England vi møter i 8-delsfinale natt til søndag.
I heisen opp frå frukosten høyrde Malene og eg ei som prata norsk, første på turen. Vi sa det til Viljen, som berre sa -
- Ja, det var sikkert Rebekka
- Rebekka?
- Ja, ho gjekk i klassa mi første året på Kongsgård.
Han hadde møtt henne her i går, men ikkje tykt at det var noko å fortelje vidare. Det viste seg at ho hadde hatt eit halvår med språkstudier her og skulle avslutte med to netter på hotell, og så var det to av dei same nettene som vi er i Shanghai - på akkurat det same hotellet som vi bur på. Ganske utruleg.
Så det er berre som min gode far alltid sa: «Det er berre å oppføre seg fint, veit aldri kvar ein møter kjentfolk».

Shanghai har 24,8 mill innbyggjarar og er med det verdas 5. mest folkerike by, den største i Kina. Det er jo ein del folk ute, men vi nyt godt av at det ikkje er turistsesong, veldig lite kø overalt.

Ut og gå. Her står Knut og eg mellom tre av dei høgaste bygga i byen. Mobilen ligg på bakken.
Vi gjekk til eit fransk, dvs europeisk, område i byen. Her var vi mellom anna innom Fuxing hage. Det er veldig mykje pene bed og grøntområde i denne byen, og det var ikkje noko unntak.

Vi måtte òg bortom der det kinesiske kommunistpartiet vart stifta sommaren 1921, mellom anna av Mao. Flagg, stoisk korpsmusikk på høgtalarar og suvenirbutikk, sjølvsagt. Der selde dei mykje raudt.

T-bane bort til området med finansinstitusjonar og kjende hus. Vi vurderte litt kva hus vi ville opp i, men enda på Shanghai World Financial Center. Det som ser litt ut som eit rivjern, evt ein flaskeopnar med sjølve opnedelen øvst. Vi tok heisen opp til 100. etasje, 492 meter over bakken. Veldig bra utsikt der! Det var litt artig å legge merke til at dei hadde laga til utsikta slik at ein ikkje kunne sjå bort på det endå høgere Shanghai Tower som er nabobygget, men berre ned på dei lågare rundt. Delvis glas i botnen av den gangen vi kunne gå gjennom og sjå ut.
Vi såg ned på området der vi hadde gått i går i regnet og til stadionen der vi hadde vore på fotballkamp. Alltid kjekt med ein tur opp.


Det var tydeleg markering av FIFA og fotball-VM med sal av drakter og andre VM-souvenirar, ei fotballbane, mange signerte drakter av kjende spelarar (med bevis på at dei var ekte) mm oppe i tårnet. Ingen norske drakter til sals.

Etter lunsj skulle vi på Shanghai tekniske og vitskaplege museum og ein marknad like ved same t-banestoppen. Då vi kom til museet var det stengt og det einaste vi såg innanfor døra var ein mann som sat med beina på bordet ved sikkerhetskontrollen. Det var måndagsstengt. Jakob var sjeleglad, han var ikkje stemt for museum, resten litt skuffa. Så vart det marknad og kaffi i staden. Bra, det òg.
På veg tilbake til hotellet såg vi eit skip, stort som eit hus. Louis Vuitton hadde bygd ein svær modell som reklame, og øvste dekka var som koffertar. Det var jo koffertar dei byrja med.

Litt artig at VM i fotball er såpass stort her. Oppsatsane på hotellet vårt er pynta med ballar og alle skjermane i frokostsal og lobby viser kampane direkte.
