Onsdag 8. juli: Murtur

Astrid Apalset Vassbø
For ein dag! Før vi for frå hotellet viste klokka mi at eg ikkje hadde gått i trapper i dag. No står ho på 77 trapper. Det seier litt om høgdemetera på den kinesiske muren som vi besøkte i dag.

Kjende oss litt lokale då vi tok t-bane ut til der buss nr 877 gjekk til Badaling. 9 kroner betalte vi for bussturen som tok 1 time 20 min. Men der var det folksomt! Dette er den mest populære plassen å gå opp til muren, og vi var ikkje åleine om å velje denne dagen.
MEN: Då vi hadde fått kjøpt oss billettar både for å gå inn til og opp på muren + til å ta taubane opp, - og ikkje minst at vi endeleg fann ut kvar bana gjekk frå - så var det ingen føre oss. Bang - rett inn i eiga vogn opp. Sjekk teiknet for taubane!

Men oppe på muren var vi ikkje åleine.

Muren er bygd på høgdedraga, så han er lett å sjå bortover åsryggane. Muren har verdsarvstatus hos UNESCO, og den delen vi gjekk på er nok hatt ei grundig rehabilitering.
I utgangspunktet var Kina ulike nasjonar eller småstatar, og mange av desse bygde eigne murar. Så vart dei fletta meir saman då det var eit felles rike, og det vart ein skikkeleg lang mur.

Der vi kom opp var det trengsel, men vi såg godt bortover at om vi kom oss eit stykke vekk frå der bana kom opp, så ville det vere mykje mindre folk. Vi var sjølvsagt aldri heilt åleine, men det var stor forskjell. Til slutt var det bere Viljen og eg som ville gå lenger - Viljen fekk ny energi då Malene delte ut karamellar og sprang oppover muren. Jakob: Ikkje gje Viljen sukker!

Vi gjekk faktisk så langt at vi kom dit toget som gjekk opp til muren kom opp, og sidan vi hadde kjøpt t/r-billett tok vi det nedigjen. Bratt, men kort tur nedigjen.

Frå bussen kunne vi mellom anna sjå ein grøn «bensinstasjon» der ein truleg kan tanke hydrogen. På det flate taket (som det er på alle slike stasjonar i alle land) stod det med stor skrift: «As healthy as Voss». Det var ganske kult.
Roleg ettermiddag der gutane gjekk på laust, vi andre kvilte litt og var i bassenget.
Hotellet vårt er litt gull og glam. Vi er for eksempel ikkje vande med lampettar i heisen.
