Godt å væra heima...

09.03.2018, 09:52

8 kommentarer

God morgen fra et solfylt og strålande vakkert Puerto Rico. Og ja, eg er tilbake på Gran Canaria. På øya eg er blitt så glad i. Der eg vanligvis tilbringe mange vintermåneder. Og trives veldig godt med det!

Men det blir litt forvirrende med ordet "heim". Her på øya føles det som heima, sjøl om eg ikkje er født og oppvokst her. Vår andre " heim", på Karmøy, kallar me også for heim, sjøl om me tilbringer svært lite tid der. Om sommaren fartar me rundt i "MR. Carver", vår svært så komfortable heim på hjul..

Og så er det Moster, på Bømlo. Der er vart fødd, og der eg vaks opp. Der eg tilbrakte mine gode barne og ungdomsår. Fortsatt seier eg at eg skal heim, når eg ein sjelden gong besøkjer Moster....Stadig lika forvirra?

Lørdag blei eg flybåren fra Stavanger, Sola, med Norwegian sitt direktefly til Gran Canaria. Flyet var stappfullt. Det er mange som vil ned hit, til sol og varme. Det er iallefall det dei håpar på. Noen har vore litt uheldige med været her i februar. Regn og vind har ført til at solhungrige turister blei ein smule desperate i sin leit etter solstrålene. Noen la seg på stranda uansett, og påførte seg antagelig lungebetennelse og det som verre er....

Øya trengte regnet som kom. No er det grønt og vakkert i fjellsidene. Bøndene har fått vatn. Magasinene er fylt opp. Og når det ellers i året omtrent aldri kjem regn, er det kanskje ikkje så synd i dei desperate, solhungrige? Kanskje bedre å besøkja øya om hausten?

Øya har vist seg fra si beste side siden eg kom ned. Var på et lite besøk i Las Palmas, der var det 26 grader og vindstille. Heilt perfekt. Sitja på ein uterestaurant i Catalinaparken eller på Las Canterasstranda med noe kaldt og drikke. Nyta varmen i shorts og t-skjorte. Kikka på folkelivet gjennom mørke solbriller. Bare kjenna på kor godt ein har det. Det er gode dager, det!

Det har blitt lite skriving i det siste. Da eg blei i Norge lenger enn eg hadde trudd. Men no er skrivelysten tilbake, trur eg, og da kan eg plaga dåke igjen. Med mine små innlegg fra dagliglivet vårt her nede. Ikkje mykje fart og spenning, kanskje litt kjedelig, men slik går jo dagane.....

Vil ønska dåke alle ei god helg, og ta vare på kvarandre.!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler