Oppe i dalen!

06.04.2018, 20:12

10 kommentarer

Snart helg igjen. Så utrolig fort dagane går! Eg er i Norge, men straks på veg til øya igjen, som lokkar. Gran Canaria. Øya med så mange vakre steder, mange som har vore ein hemmelighet for meg. Uoppdagede steder, spennande steder. Øya er jo ikkje så stor, men den byr på så mykje. Ein kan ikkje unngå å bli fascinert av øya!

Vår canariske venn, Paco Bordon Socorro, har tatt et stort steg i livet. I mange år har han jobba som kokk rundt på øya. Også på Casa Canaria, for Jose Romero, som mange kjenner til. Nå har han overtatt ein grotterestaurant i Barranco de Ayagaure. Man kjører innover fra Maspalomas, ein veg som mange syklister bruker, og også turistbusser på sightseeing. Baren og den flotte terrassen er bygd ut fra ei grotte, inni grotta finner man den hyggelige restauranten.

Stedet ligger i den stille dalen, med bare nokon få hus som naboer. Når det begynner å mørkne om kvelden, blir det ein ganske så magisk stemning. På dagtid stikker turister og syklister innom, stedet er ganske så godt besøkt. 

Me har hatt kontakt med Paco i mange år. Så ein dag fant me ut at me hadde lyst til å besøkja stedet hans. Et lite problem var det, han snakker overhodet ikkje engelsk. Me kan jo " knota" litt, men fant det umulig å føra ein telefonsamtale med han. Men det finnes alltid ein løysning. Og vår kjære venninne her nede, danske Anne Lomholt, trådte til som hjelper. Hun snakker spansk som ein innfødt, og fiksa alt. Alltid hjelpsom, Anne!

Me blei nesten 30 personer som ville besøkja Paco. Så Paco, han ordna med busstransport for oss. Me blei henta i Puerto Rico, nokon blei plukka opp langs vegen. Ein dyktig sjåfør fekk oss trygt fram!

Mottagelsen var varm og hjertelig. Familien til Paco var alle på jobb, og det gjekk i spansk, engelsk og norsk. Ein Babelsk forvirring....og som ein stor overraskelse, vårt vertskap fra Casa Canaria dukka overraskande opp. Stor gjensynsglede!

Etter velkomstdrikke, masse fotografering og beundring av det fina stedet, var me klare for litt fast føde. Me hadde bestilt tapas til ein skrubbsulten gjeng, og blei ikkje skuffa. Mat kom på bordet, og i svært rikelige mengder. Det var bare å plukka det ein hadde lyst på fra fatene. Og for ein hyggelig stemning det var i grotta, med dei grove veggene, og stemningsfullt lys. Vin og anna drikke ankom i rikelige mengder, Paco's familie var reine drømmeservitørane. Heile tida til stede for oss!

 

Kaffe og dessert var også med i totalprisen. For dei som klarte å innta meir. Dei fleste var mett lenge før serveringa var slutt. Og for et godt måltid! Ikkje rart at dette stedet er bra besøkt!

Ute på terrassen kunne ein nyta den gode kveldslufta, og føla på ein annan verden enn der me bur på øya. Her er ingen støyande sentre. Bare stillheten som blir brutt av muntre og glade stemmer, og ein og annan hund som føler for å uttrykka seg litt. Lysa fra restauranten glitrar forlokkende i mørket. Trur dei fleste fekk ein herlig følelse av velvære her i dalen.

Men som alltid, blir det tid for å avslutta kvelden. Bussen ankom i rett tid, for å ta denne gjengen tilbake til turistparadiset, støyen og folkemengden i Puerto Rico. Avskjed er aldri kjekt, men me lova Paco, familien hans, og oss sjøl, å komma tilbake. Så til hausten, neste sesong, vil me gjenta dette. Kanskje fleire gonger. Så lenge Anne Lomholt hjelper oss, er me trygge på at alt ordner seg. Så har du lyst, det blir nok muligheter til å oppleva dette! Og det blei slett ikkje dyrt!

Forøvrig gjekk returen heilt fint, alle kom seg vel heim....

Takk til Paco, familien og Anne for ein flott opplevelse!

👏👏👏👏👏👏👏👏

 

Som sagt, eg er i Norge no. Det er to veker siden eg forlot Gran Canaria. No er eg på veg til øya igjen, Thomas Cook skal ta meg med direkte fra Sola, Stavanger. Det stilar med skandinaviske turistar der nede no, den sesongen er nesten slutt. Me skal snart dra mot nord igjen, me og. Men gleder meg til nokon fine dagar på øya først. Det er som et sug i magen når eg tenkjer på øya. Kanskje et snev av reisefeber?

Ha ei god helg!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler