Maitanker!

03.05.2018, 10:59

9 kommentarer

Så er denne "canarisesongen" over. Det er ein slags våt, kald vår her på Vestlandet. Heimplassen vår, Karmøy, ytterst ute i havet. Me har hatt ein fin vintersesong på Gran Canaria. For det meste med fantastisk vær. I snitt rundt 25 grader kvar dag. Ein kan ikkje anna enn fryda seg når ein veltar seg ut av senga om morgonen, gnir søvnen ut av augene, og betrakter den blå himmelen og sola som sender sine varmegivende stråler over oss. Palmene rører så vidt på seg i ein liten bris, og det høyres frydefulle rop fra morgenfriske turister og seine partymennesker. Et turisteldorado. Me bur i Puerto Rico, passer oss utmerka, sentralt, kort veg til det meste. Andre foretrekker Patalavaka, Arguineguin, Playa del Cura osv, her på sørkysten. Men min favorittplass er og forblir Las Palmas. Heldigvis bare ein kort biltur unna. Kanskje ikkje så værsikkert som i sør, men ein fantastisk by. 

Vakre solnedganger er me så heldige å få nyta ofte. Når himmelen rødmer i nydelige farger, og sola forsvinner fra dalen. Da senker et silkemjukt mørke seg. Det er nydelig å sitja ute, nyta god mat, eller bare kosa seg med tente lys, og kjenna på den gode følelsen. Slippa iskald nordavind som blåser ut lyset, slippa å kle på seg lag på lag. Det er slike vintrer me får nyta når me gjester øya.

Me reiste til Norge via Malaga. Ein by me trives godt i. Og fekk et par dager i " gamlebyen" der. Me budde i ein leilighet i 4 etasje, smale trapper og trange ganger gjorde turen med kofferter opp ganske drøy. Men flott utsikt over " Plaza de Constitucion". Fekk med oss ein stor demonstrasjon mot voldtekt og vold mot kvinner. Ein rettsak med urettferdig utfall satte mange sinn i kok.

Greit når Ryanair tar oss direkte til flyplassen på Karmøy fra Malaga. Og ingen avskrekkande pris. Turen var denne gang heldigvis unnagjort på 3,5 timer, takk og pris for medvind....Eg flyr mykje i løpet av vintersesongen, og er rimelig mett av flyplasser og trange flyseter!

🆒🆒🆒🆒🆒🆒

Vore litt stilt på bloggen min i det siste. Endel andre ting som svirrer rundt i hovudet. Stopper ikkje å blogga, men blir nok litt stilt frå meg i sommar. Lover å komma sterkt tilbake når sesongen på Gran Canaria begynner i september. For dei som gidder å lesa....

Men må bare sei tusen takk til alle som har følgt meg i desse to åra med blogging, og takk til alle som har tatt seg bryderiet med å dela. Veldig takknemlig!!

Så eg ønsker at alle må få ein fin mai måned, ein ekstra god tanke til dei som sliter. Må Han der oppe gi dåke englevakt!

OG FIN TORSDAG TIL ALLE!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler