SKAL, SKAL IKKJE?

08.11.2018, 20:15

10 kommentarer

Bloggen min har ligget i dvale ei stund. Eg har vore i tenkeboksen. I den grad min no 60 år gamle(!!) hjerne fortsatt klarer å produsera tanker og ideer, har eg brukt litt tid på å vurdera om eg skal fortsetja i det gamle sporet. Fortelja om øya der i sør. Om kvardagslivet vårt i Puerto Rico, Gran Canaria. Om gode dagar, og litt dårligare dagar. Om å møta venner, og tilbringa gode timar med dei. Om å nyta den praktfulle naturen og klimaet på øya. Bloggen min er nok ikkje råspennande. Her blir ingen intime avsløringar. Den nakne sannhet finner du ikkje her, ikkje bokstavlig, og ikkje billedlig. 

Eg er heima i Norge ein tur. Etter å ha tilbrakt 6-7 veker på Gran Canaria, tok Norwegian meg opp til Gardemoen. Rart igrunnen, fra Afrikakysten og til Oslo fekk eg behagelig sete og bagasje for 800 kroner. Mens 40 minutters flytur fra Oslo til Haugesund kosta 1100 kr.....

Snart drar eg på sør igjen. Og kanskje blir det bloggskriving igjen. Først skal eg kosa meg med familie, og beundra barnebarna våre i forestillinger som lovande skuespillerspirer. Treffa dei eg savnar når eg er i sør. Og sjølsagt få unna trivielle ting, som rydding. Et prosjekt eg tydligvis aldri blir ferdig med, når eg ser rundt meg!

Men det er godt å væra på Gran Canaria i vintermånadane. Godt å gå ut på terassen i dei tidlige morgentimane, og kjenna på varmen. Sjå sola stå opp. Vita at det blir ein god og lys dag. Vita at på øya er me svært sosiale, ein blir ikkje ensom. Eg kan stikka ned på butikken og handla inn, utan at det svir altfor mykje i lommeboka. 

Ikkje alt er billig. Det er dyrt å leiga. Og slik valutakursen er no, kostar det fort eindel tusenlappar i månaden for å leiga ein leilighet, spesielt på turistplassane her i sør. Og så lenge det er stor etterspørsel, er prisane høge. Det betyr også at ikkje alle har råd til å tilbringa vintermånadane her. Når dei mest ettertrakta områda stadig stiger i pris, blir dette et tilbud til dei som har god inntekt. Og så lenge folk godtar prisane, ja, da blir det heller ikkje billig å bu...

Ser ut som dei fleste spanjolane ser på oss nordmenn som steinrike oljekakser. Som drar på sør for å bruka opp litt penger før dei hopar seg opp. Dei fleste av oss har vel ikkje meir enn me må ha. Nokon brukar meir enn dei har råd til. Eg håpar virkelig at prisane stabliserer seg, eller går ned. Ellers finner nok fleire andre reisemål!

Eg gleder meg til å møta øya igjen. Møta min kjære og venner igjen. Men først, litt kvalitetstid her i nord!

God torsdag, og ein fin kveld!

Del artikkel:

BloggiShop

Relaterte artikler