Minner og gleder!

13.11.2018, 07:22

2 kommentarer

SØNDAG var det farsdag. Og for meg blei det ein dag for minner. Om pappaen min som drog fra oss så altfor tidlig. Minner om ein snill og god pappa, med glimt i auga, og latteren var aldri langt unna. Han blei bare 52 år. På slutten huska eg han sa, " eg trenge bare litt meir tid, for å avslutta uferdige ting". Han fekk ikkje det. Hans tid var ute.

DET føltes tungt og urettferdig. Og livet føles ikkje alltid rettferdig. Mange har lagt planer om alt dei skal gjera seinare, når dei får tid. Når huskjøp, bilkjøp, ny hage, mange jobbtimer er unnagjort. Når alt stresset og kavet er over. Når pengene yngler på konto. Da skal ein leva. Da skal ein begynna å nyta, oppleva ting.

INGEN kjenner morgendagen. Ingen vett når helsa sviktar. Ikkje mange kan sjå ei katastrofa komma. Og når lamslåtte pårørande sitte igjen, føles det bittert. Men kanskje me må bli flinkare til å leva i nuet? Flinkare til å ta imot det gode me kan ha i livet, ikkje alltid utsetja det? Det er ikkje så viktig med å ha det så veldig fint rundt oss, hvis me ikkje har tid og evne til å kunna føla på glede. Hvis me ikkje har tid til menneskene rundt oss. Hvis me ikkje har tid til oss sjøl!

I min tid i arbeidslivet jobba eg utrolig mykje. I servicebransjen, som kreve mykje, fysisk og psykisk. Sjøl når eg var dødssliten, var det bare å reisa seg opp og stå på. Eg elska bransjen, og derfor var eg heller ikkje flink til å stoppa. Dermed gjekk eg også glipp av mange stunder med ungane mine, tid eg aldri får igjen. Og det føles som eit tap i dag.

Eg er glad i å reisa. Oppleva nye steder, vandra rundt i gater og på landevegen. Men eg elskar også å komma " heim" til Gran Canaria. Øya eg har fått eit heilt spesielt forhold til. Bur i denne turistdalen i Puerto Rico, og stortrives med det. Å spasera langs promenaden fra Puerto Rico til Amadores, den flotte stranda, er ein magisk tur. Sjå fantastiske planter og busker. Beundra bølgene som slår inn mot land. Betrakta båtane som farer forbi, og kjenna sola varma ein stiv kropp. Og selfølgelig registrera alle dei forskjellige menneskene som tar samme turen som meg...

SNART er eg på øya igjen. Snart skal eg treffa kjente og kjære. Og la sola få varma skrotten min igjen. Blir herlig!

God tirsdag kveld, venner!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler