Adjø og hallo!

20.11.2018, 07:11

8 kommentarer

EG HAR ALDRI vore flink til å ta avskjed. Eg synes det er fælt å seia " hade", tårene har lett for å komma. Spesielt er det litt tungt å reisa fra dei eg er svært glad i. Så eg foretrekke å unngå dei fleste avskjedsklemmar, og heller fokusera på et snarlig gjensyn. Eg kan desverre ikkje dra med meg familie og venner kvar gong eg skal fly ned til Afrikakysten. Til Gran Canaria. Det hadde nok blitt rimelig dyrt, og trangt om plassen her i heimen....

HELDIGE MEG fekk billig billett med Ving ( Norwegian) fra flyplassen på Karmøy. Her var det snakk om billett med bagasje og reservert sitjeplass for 1200 kroner, tur/ retur, i 14 dager. Ja, eg har returbillett, sjøl om eg neppe kjem til å bruka den. For no satsar eg på å bli her til jul.

DET BLEI litt problemer med ein startmotor på flyet. Og etter fleire meldingar over anlegget, fekk me beskjed om å returnere til terminalen. Mange var nervøse for at dette kunne ta lang tid. Nytt fly måtte på plass, og kanskje nytt mannskap. Men kanskje Vårherre syntes synd i oss, for etter kort tid var et nytt fly på plass, og me kunne finna vegen ombord igjen.

GJENNOM ET VÅTT flyvindu sa eg farvel til Karmøy for denne gang, og så absolutt uten tårer. No var eg råklar for herlige dagar på øya!

✈✈✈✈

DET HAR VORE litt skyer og regn i det siste. Dyrebare dråper som den tørre naturen sårt trenger til. Dei innfødte jublar. Det grønnest i fjellet, og vakre blomster dukker opp. Men ein turist på ei vekes tur er kanskje ikkje fullt så glad. Men varmen og gleden er tilstede, så dei fleste er nok fornøyde likavel!

DET VAR KJEKT å treffa venner igjen. Godt å tilbringe kjekke kvelder saman igjen. Som den 60- årige skrotten eg er, så svingar eg meg ikkje i dei seine nattetimer. Nei, et godt måltid med god drikke, gode samtalar og latter, det er meir mi greia. Når det lir utpå kvelden, blir det mykje gjesping fra mi sida. Og siden senga ropar rimelig høgt på meg, tuslar eg gjerne heim når dei andre er i godformen.

KVAR SØNDAG KVELD møtes me på restaurante " Mephisto" i Puerto Rico. Denne familiedrevne restauranten ligger i andre etasje på senteret i dalen. Her har dei drevet i mange år, og har mange faste gjester. Når det er mulig, lagar dei langbord for oss. Hyggelige og effektive servitører yter god service. Og eg synes maten er rågod! Kanskje litt store porsjoner av og til, nokon setter nok pris på det og...

 

DET ER ALLTID ein god tone rundt bordet. Forskjellige mennesker fra heile Norges land treffes og har gode samtaler. Plukker kanskje opp nokon gode tips, eller utvekslar erfaringer. Fortelja nytt om naboen, eller diskutera litt politikk. Her er alt lov, så lenge alle hygger seg. Og etter rekningen er betalt, blir det alltid ein liten på huset. Vel, liten og liten....

NOKON HAR KANSKJE lyst til å gå videre etter maten. Sjekka ut kveldslivet på senteret. Og her er masse for einkvar smak" .Lillebror" f.eks, denne pianobaren ligger også i andre etasje. Her kan du oppleva eminente pianomusikere, og " Lillebror" sjøl setter seg ofte ned og underholder gjestene. Da blir det ofte allsang!

" Black& White" er også ein populær pianobar, og like ved ligger " Star Club" for dei som er glad i å dansa. Dei kjører ofte livemusikk. Så rykker det i dansefoten, er dette stedet å belasta den!

DET FINNES MANGE hyggelige barer og utesteder på dette slitne senteret. Mange steder å bruka feriepengene på. Så veldig billig er det ikkje lenger. Enkelte steder er prisane uhyggelig nærme norsk prisnivå. Men beveger man seg bort fra senteret, kan man finna spanske og internasjonale steder der man ikkje føle seg robba. Meir om det i seinare blogginnlegg...

ME ER NOK litt typiske " Ola Nordmann". Me besøker ofte " Heia Norge" på senteret. Og ikkje minst er grunnen at dei lagar noko av den beste maten på senteret, i sin nisje. Innehaverne, Terese og Vegar, har vore flinke med meny og musikk. For dei har livemusikk å tilby, og bra sådan. Den lettsalta torsken dei servere, er bare så god at eg drøymer om den i lang tid etterpå. Et sånt måltid, og god musikk etterpå, kan ein ha det bedre? Dei får dessuten skryt av ribba si, noko eg glatt står over. Fisken er meir mi greia....

DENNE SØNDAGEN spilte " Big Kjell" på Heia Norge. Denne romslige karen fekk folk med på allsang, og imponerte med sine variasjoner. Det blei stappfullt! Han har stor utstråling, der han vandrar rundt med gitaren og synge til publikum. Han skapte god stemning og danseglede.

🎼🎼🎼🎼🎼🎼

DET LYSNER NO. Morgonen er på veg mot ein ny dag. Det er tirsdag, eg har allerede vore her et par dagar. Det tar alltid litt tid å ta inn over seg, at eg faktisk er her igjen. Eg får sånn lyst til å stoppa tida, få tid til å kjenna på den gode følelsen. For timane, og dagane, går så fort!  Og eg glede meg til morgendagen, da blir det busstur opp til Paco, og restauranten hans, " La Cuevita". I Ayagauresdalen. Blir nok ein liten historie derfra seinare. No skal eg lesa siste kapitlet i boka mi, som er råspennande. Sjå den nye dagen gry, mens eg tømmer kaffikoppen opp til fleire gonger. Og bare prøva å nyta!

OG SJØLSAGT, ønska dåke alle ein god tirsdag!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler