JULETANKER.

30.11.2018, 10:50

DET ER FREDAG, og helg. Ein ny, vakker solskinnsdag her i Puerto Rico. Me går inn i adventstida. Eg synes det er litt vanskelig å finna julestemning, det er 25 grader, pluss sådanne. Turistar valfarter til strendene, i lette klær nyter dei sola og varmen. Så julestemningen kan ein kanskje finna i butikkane, på sentrene? Som er pynta til trengsel, og julesangene høyres fra høyttalere overalt. Men eg lurer enda på kva som er julestemning for meg. Kva som sette meg i høytidsstemning? Er det å handla julegaver? Gå rundt og beundra alle dei unødvendige tinga eg kan shoppa? Nei, eg prøver å minnast julestemningen da eg var eindel år yngre. Da me laga julegaver til mamma og pappa, og gleda oss vilt til dei skulle pakka dei opp. Lukta av julekaker som blei laga. Treet me fekk væra med i skogen og hogga. Pynting av juletreet. Alt dette var som et forventningsfullt sug i magen. 

EG SLITE LITT med å finna samme følelsen i dag. Men eg prøver. Gleder meg til julaften når me skal samlast med våre kjære. Sjå på glade barneansikt. Me skal nyta julemiddagen saman, kanskje nynna litt på " Glade jul". Filosofera over kvifor me feirar jul. Er det for å minnast barnet som blei født, eller jubla over handelsstanden kjempeomsetning?

MEN JUL BLIR DET.  For dei fleste av oss. Og eg håpar gavene eg kjøper blir godt mottatt. Sprer glede. For me har enda evnen til å kjenna på giverglede, og bli takknemlig for gaver. Slikt kan det bli ei god jul av!

🎄🎄🎄🎄

ONSDAG satte me oss på ein buss fra Puerto Rico, kjørte til Maspalomas, og videre opp i Ayagaure. Ein svært vakker dal. Denne vegen er det mange syklister som bruker. Et stykke oppi dalen ligger grotterestauranten " La Cuevita". Denne blir drevet av vår gode venn, canarieren Paco. Me var ca 30 personer som gleda oss til tapas, god drikke, og ikkje minst, canariske musikere. Desse var henta inn for anledningen. 

SOM MØRKET seig på, og lysene tentes, hadde me ein svært fin opplevelse. Sjøl om det er litt kjøligere oppi fjellet, satt me ute på terrassen, med langbord. Spanske tonar fulgte tapasen, og satte oss i ein fin stemning. Sammen med vinen, sjølsagt...

EIN LITT ANNEN verden der oppe i fjellet. Ingen støy fra senteret, innen innkastere, ingen selgere. Det er greit å kjenna på ein annan stemning her på øya. Og for ein rimelig pris fekk me buss tur/ retur, tapas, drikke og musikk. Og ein svært hyggelig opplevelse!

DET BLIR FLEIRE slike turer. Ein tur til før jul. Onsdag 5 desember blir det ein ny tur opp til Paco. Hvis folk ønsker det, kan me booka musikk. Dette er ein liten ekstrakostnad i tillegg til turen som kostar 35 euro. ( buss, tapas, drikke til mat). Info legger eg ut lørdag, på Facebooksida mi.

👏👏👏👏👏🍸

EG ØNSKER ALLE ei fin adventstid. Med gode juleminner, og nye kan skapast. Kan kanskje senda ein tanke til dei som ikkje gleder seg til jul. Barn som er redde for foreldrenes alkoholbruk. Menneskene som bur på gata. Dei som ikkje har råd til alle dei flotte julegavene. Dei er alle rundt oss. Kanskje me alle kan gjera litt for å hjelpa?

 

GOD HELG!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler