Skrekkens time!

14.12.2018, 18:46

5 kommentarer

NÅR MAN HAR passert 60 år, forventes det at man innehar ein viss visdom, sjølvkontroll og styrke. Og eg håpar at eg har lært eindel opp gjennom åra. Men, når det kjem til ett punkt, ( og sikkert fleire), er eg totalt barnslig og skikkelige pysa. Skjelvetokter og svettebyger. Pusteproblemer. Høyres dette kjent ut?

TANNLEGEN. Bare ordet er fryktelig. Eg assosierer det med lukt og lyd. Og redsel. Men når man har besøkt tannlegen såpass hyppig som 2-3 gongar dei siste 40 åra, kjem der ein dag da det er ingen bønn. Tennene skrantar, og truar med å detta ut. Tannverken blomstrar, og ein kvir seg med å smila, og avdekka perleraden.

SÅ ETTER EI HELG med tiltakande tannverk, måtte eg ha hjelp. Her på Gran Canaria finnes et utall tannleger, dei fleste svært dyktige. Og ein god del billigare enn i Norge. Men eg trengte ein tannlege som skjønte problemet mitt, og som godtok eit lite bitt i fingen utan å bli hysterisk. ( ja, eg beit litt ein gong, men det er ein annan historie)...

EG HAR UNDERSØKT og sjekka litt rundt. Mange nordmenn oppsøker tannlege her nede. Eg beit meg merke i at mange anbefalte " VINTERSOL", i Arguineguin. Så da tannverken virkelig slo inn, tok eg kontakt med dei. Forklarte kor redde eg er. Fortalte at det sto ille til inni munnen min. Ein knekt jeksel dreiv og bråka, og ødela nattesøvnen. Eg fekk kjapt time, og plutselig satt eg i tannlegestolen. Ikkje noko særlig stoisk og modig. Meir som ein skjelvande masse. Men fekk til å gapa opp, og ei svært hyggelig jenta leda meg igjennom det meste, på norsk. Tannlegen var spansk, og svært forståelsesfull. Eg blei sjekka, og etterkvart fekk eg trekt ut drittjekselen. Ikkje utan svettebyger og svetting, men etter ein svær dose bedøvelse og litt beroligande.

EG HAR MANGE besøk foran meg. Hvis eg vil beholde tennene mine. Og med hjelp av dei fantastiske folka som jobbar der, skal eg klara dette. Eg har snakka med mange som sliter. Spesielt i mi aldersgruppe. Tenker at eindel av skylda sitter hos dei fantastiske skuletannlegane me hadde. Som ikkje var spesielt forståelsfulle. Ikkje spesielt tolmodige med livredde ungar.

EG HÅPAR at myndighetene heima i Norge ein dag tar oss pyser på alvor. Det er et stort økonomisk løft å gå til tannlegebehandling, ikkje alle kan ta seg råd til det. Det burde væra slik som når ein går til lege, egenandel, og resten blei dekka. 

EG ER GLAD for at eg fant " VINTERSOL". Klinikken ligger nede i Arguineguin. Neste behandling er på tirsdag, så eg slepp å drøyme om tannlegestolen i helga...

EIN HERLIG fredag her på øya. Sola skin, og temperaturen ligg på ca 25 gode grader. Ein fine adventstemperatur. Sjøl med all tannlegesytinga mi, så vett eg at eg er svært heldig som får væra her. Dette er det gode liv! 

GOD HELG TIL ALLE, OGSÅ TANNLEGEN!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler