Det gode liv!

27.12.2018, 05:12

10 kommentarer

Eg kan vel ikkje sei det for ofta. Eg er heldig. Eg har et godt liv. Eg er omgitt av familie og venner. Eg får reisa, og  bu deler av året i sør, på Gran Canaria. Denne jula drog me til Karmøy, for å feira jul med familien. Væra saman med dei me er så inderlig glad i. Vestlandsværet får me ta som ein bonus. Ikkje mykje kvit jul her, heller yr og regn. Men du verden for ein vakker natur me har. Lange, kvitstrakte strender. Havet som bryter mot land. Det er balsam for sjela å gå tur her, hvis ein da har vore føre var, og kledd seg godt...

Og enkelte dagar kan ein vakna til blå himmel og sol. Då er Karmøybuen tidlig på beina, gnir seg i augene, og trur nesten ikkje det han ser!  Sånne dagar må nytast!

Julaften var me nesten 20 stykket, små og store. Høytidsstemte og glade. Klar for feiring og gaver. Og sjølsagt julemat.

Under juletreet, og ellers rundt halve stova, låg det gaver. Ungane ville helst bli fort ferdig med maten, råspente som dei var. Men me vaksne tok oss god tid til å nyta måltidet saman. Her var det tradisjonsmat, pinnekjøtt. Og for meg, som bømling, fersk torsk. Foresten, det var fleire som foretrakk torsk. Lett i magen, og smaka vidunderlig! For jul handlar om tradisjonar, og eg vaks opp med torsk på julaften. Huskar godt når eg var med pappa på sjøen lille julaften, og håpa på juletorsken...

Så var me klare. Tid for julegaver, og alle venta spent på nissen. Me brukar ei lita formue på gaver kvart år. Me i våre gode, trygge heimar. Og tankane mine går nok til dei som ikkje er så heldige. Me lever i ei verd full av urettferdighet. Ikkje alle barn kan sitja med strålande auger og pakka opp gaver. Ikkje alle kan spisa seg mette. Det finnes så mykje lidelse og triste skjebner. Og eg håpar at me i denne overfloden kan kjenna på medlidenhet. Gi ein skjerv til dei som ikkje er så heldige. Og ikkje minst, væra takknemlige!

Nissen kom, og gaver blei utdelt. Lydnivået var høgt, det kom henrykte hyl ettersom gavene blei satt pris på. Og det er kjekt å sjå at folk blir glade. Setter pris på det dei får, i eit samfunn der me nesten kan handla det me vil.Julegaver handlar om å gleda kvarandre, visa kor mykje me set pris på dei rundt oss. Julens budskap er det glade budskap. Et barn blei født som forandra heile verden. Uansett kva me trur på, er det dette jula handlar om!

Ein kveld for minneboka. Så glad for å få væra ein del av familien, av fellesskapet. Få dela det gode i livet. For ingenting er viktigare enn familie. Dei ein deler gener med, og dei ein får lov til å dela familiefølelsen med. Godt å føla kjærlighet. Så ingen anger for at me drog til Karmøy til jul. 

Men no skal straks julelysa pakkast vekk igjen. Kofferten skal fyllast opp, og me skal dra sørover igjen. Til heimen vår på Gran Canaria. Der skal me feira det nye året. Saman med gode venner. Eg høyrer rykter om at det har vore tett calima og litt vind der i jula. Så då må nok kosten og vaskefilla fram. Den finkorna sanden legg seg overalt, som et brunt lag. Så litt jobb blir det før nyttårsaften.

Nytt år! Tida går så uhyggelig fort! Eg klarar ikkje å gripa fatt i dagane, dei bare glir forbi. Alt eg hadde tenkt å gjera, å oppleva, det føles som eg ikkje får tid. Me har bare dette livet, desse dagane. Eg er nok ikkje alltid lika flinke til å gripa dagen, eg utsette ting. Til i mårådagen, som ingen kjenner. Så mitt nyttårsønske er det vanlige, eg må bli flinkare til å ta tak i ting. Flinkare til å gjera det eg har tenkt. Flinkare til å ta vare på dei rundt meg. Flinkare til å gjera ein innsats, med mine begrensninger. Så får me sjå, mine nyttårsforsetter forsvinner ofte sporlaust....

Ønsker alle der ute, i nord og sør, et velsigna godt nytt år! Og takk til dåke som fortsatt følger og deler bloggen min!  Er så takknemlig for at dåke gidde å lesa skribleriene mine!

OG FORTSATT GOD JUL!

 


 


Del artikkel:

BloggiShop

Relaterte artikler