Lørdag morgen i vest....

30.01.2019, 08:31

8 kommentarer

     EG ER NOK IKKJE drømmepassasjeren til flyselskapene. Eg kjøper dei billigaste billettene, eg kjøper ikkje mat og drikke ombord, eg handlar ikkje, og går knapt nok på do ombord. Nei, eg finner setet mitt, lukkar augene, og prøver å drømma meg vekk. Eg flyr ofte, og synes dei 5-6 timane det tar til/ fra Gran Canaria/ Norge, er lange og slitsomme. Så eg går for søvn. Sikkert til underholdning for mine medpassasjerer, det blir lett snorking og mumling i søvne. 

     Å reisa fra øya er ikkje lett. Sjå den forsvinna under skyene. Tenka på kjære og venner eg reiser fra. Reisa fra sol og varme mot kalde nord. Trøsta er at eg skal treffa dei eg er glad i. Familie og venner. Og sjekka at skrotten fortsatt er nokolunde oppegåande.

    PÅ KARMØY, NORGES BESTE VESTKANT, er det vinter. Har blitt noen centimeter med snø, sjøl om det har vore plussgrader og regn innimellom. Sjelden snøen ligger lenge på desse kanter, men heldigvis kan ungane gleda seg over snøen enda. Ikkje eg. Hater dette kalde, kvite, glatte. Snø er fint i fjellet. Her er øya best utan snø. Er no mi meining...

Eg er stolt bestemor til Iselin på 14 år. Og reservebestemor til ein herlig gjeng her på Åkra. Så eg er velsigna. Det å bli mor her i livet er stort. Men nesten lika stort å bli bestemor. Ein er voksnere, forhåpentligvis klokare, og har bedre tid. Men ein blir også reddare. For dei er så dyrebare, desse små. Dei er små under i livet vårt. Vil så gjerne beskytta dei mot alt, men vett også at i denne verden nyttar det ikkje. Verden har forandra seg så fort. Eg klarer ikkje å henga med. Når mine ungar var små, var dei ute og lekte. Idag sitter barna inne, trykker på kvar sin telefon. Spel og nettet er viktigare enn det virkelige livet. Og ei bestemor vett ikkje alltid si arme råd....

   I NESTE VEKA håper eg å returnere til Gran Canaria. Forholdsvis dyre flybilletter no, men satser på at det dukkar opp ein billett til meg, som ikkje tømmer bankkontoen. I Puerto Rico har det åpna et nytt shoppingsenter, like ovanfor det gamle senteret. Ser på bilder at det ser veldig flott ut. Men euroen er dyr, og det er dyrt å leiga, så det spørs kor mykje penger folk har til å shoppa for. Men veldig kjekt at det kjem " skikkelige" butikker sør på øya. I nord er det fleire flotte senter, i Vecindario, og rundt Las Palmas.

EL MIRADOR er populært, med masse kjedebutikker, og et stort supermarked. Bra med parkering, og ligger like ved motorvegen mot Las Palmas. Her ligger også kjedebutikkene " Primark". Billig, og eg synes dei har et bra utvalg i barneklær og sko. Her kan ein gjera kupp!

LAS TERASSAS ligger like over vegen. Masse fabrikkutsalg , og hyggelige plasser for å ta ein kaffikopp og litt mat. " Mercadona", matbutikken, finner ein også her.

Men ikkje sikkert ein alltid må kjøra nordover for å handla. Mercadona har me allerede oppe i Motor Grande, og seinhaustes åpner eit enda større kjøpesenter i Puerto Rico. Med enda fleire butikker. Så no er det bare å spara, folkens, da får pengene bein å gå på....

   MANGE TANKAR går gjennom hovudet ein tidlig lørdag morgon. Fra eg var lita jenta har eg bedt kveldsbønn. Ikkje kvar kveld i voksen alder. Men har funne ut at det er ei trøst og trygghet i å samtala litt med Han der oppe. Og eg har bedt Han om å passa på så mange. Nokon er borte no. Dei er reist videre. Men allikevel er dei her. I våre minner og samtaler. Alle har me mista nokon. Som var oss kjær. Men dei er bare ein tanke unna. 

     ALLE ER UMISTELIGE. Alle blir savna. Og la oss setja pris på kvarandre mens me lever. Og mens me huskar...

Vil få ønska alle ei god helg!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler