Ingen hemmeligheter...

11.03.2019, 18:24

2 kommentarer

          SÅ HAR ME VORE DER igjen. I Las Palmas. Sikkert ingen hemmelighet her på bloggen at eg er glad i denne byen. Eg er fascinert. Og nysgjerrig. Og lika forventningsfull kvar gong me besøke byen. For her er så mykje å oppdaga. Og når det er skrevet, så er ikkje me så flinke til å utforska. Me oppholder oss ofte i området rundt Catalinaparken og Las Canteras. Kjente områder i byen. Med mange turister, men ein møter ofte dei fastbuande her. Den gamle, krokrygga mannen. Den mørkhuda, ikkje N- ordet, som beveger seg fritt i sin lange kjortel. Den travle dama som lufter hunden. Kjærestepar som fniser, og holde kvarandre trygt i handa. Dei er alle her. Saman med nysgjerrige, bleike nordboere. Nokon leitar etter stranda, gleder seg til sola og varmen. Andre med penger som brenn i lomma, her skal det shoppast! Eller den tørste, som straks finner første bar, der ølet kostar nesten ingen ting....

          DET ER NOKO SPESIELT å dra til denne byen med familie. Mennesker me er glad i, og gjerne vil visa at denne byen er spesiell for oss. Lin og Gudmund var råklar, og tok direktebussen, nr 91, til Las Palmas fra Puerto Rico. Dei, og me, reiste fra blå himmel og 25 grader i sør. Me sjekka ingen værmelding, men tidligare erfaring har vist at det er lurt å ha med ekstra klær. Og heldigvis, i vår store visdom, hadde me med både jakke og lange bukser. For vinden auka, og utpå ettermiddagen kom regnet. Ikkje småsildring, men pøsvatn.

         ME HADDE booka hotell for ei natt. Et greit hotell, like ved strandpromenaden. Faycan. Billig og sentralt, og reint. På promenaden, der me tenkte gå tur, slo sjøen innover. Og nordavinden var frisk. Kom fra Europa, sa dei innfødte. Og tankane gjekk straks til vestlandsværet me er vant til frå Norge...

          MAT MÅ ME HA! Og mat er ikkje vanskelig å finna i Las Palmas. På " Samurai", orientalsk restaurant, fekk me både sushi og orientalske retter. For ein fast pris, er det bare å peika i menyen, så bærer dei mat på bordet så lenge du orkar å eta. Og det er overraskande lenge! Med god rødvin, i eit svært hyggelig lokale, og med smilande servitørar, glei maten ned, og var ein fryd i ganen! Vår kjære familie var godt fornøyde! Sjøl i alt regnet og vinden...

          DET VAR KARNEVAL i Las Palmas. Ikkje så mykje som skjedde denne kvelden, ein torsdag, men imponerande å sjå det som er bygd opp rundt karnevalet. Scenen. Alle kulissene.   Karnevalet strekker seg over fleire veker, og er nr 2 etter Rio, seies det. No er vel Sardina brent, og det forflytter seg sørover. Mot Playa del Ingles. 

          ME TOK TIDLIG kveld. Med tanke på været, var det ikkje så mykje å finna på utendørs. Men fekk sett litt mellom bygene. Og ei god natts søvn er heller ikkje å forakta!

👏👏👏👏👏👏

         LAS PALMAS har så mykje meir å by på. Men ein rekker ikkje så mykje på et døgn. Skulle så gjerne fått vita fleire av byens hemmeligheter. Kanskje neste gong. Kanskje me då kan besøkja byen fleire dagar. Familien er desverre dratt til Norge. Men plutselig er dei tilbake. Og vil gjerne avsløra hemmeligheter...

          ME HAR ALLE våre hemmeligheter. Ting me ikkje vil dela med andre. Me skjemmes, eller er sjenerte. Me har gjort dumme ting, og vil helst ikkje bli avslørt. Ting me ikkje kan forandra. Nokon ting bør nok helst væra usagt. Ikkje alt bør seiast. Men me er alle mennesker, på godt og vondt. Og me gjere alle giganttabber, og føler oss dumme, bare spør meg...eg vett alt om det!

          PÅ ØYA HER er det et snev av calima. Og det er fuktig og varmt. Eg likar meg best i skyggen på slike dagar. Gjerne i bakgården, med ei god krim- bok. Onsdag går det som antagelig er sesongens siste grottetur, til Paco i Ayagaures, av stabelen. Busstur opp til grotterestauranten hans, La Cuevita. Det blir kjekt, med tapas, god drikke, ingen støy fra noko senter, og musikkvenner. Påmeldingsfristen går snart ut, i mårå kl 12.00.....

GOD KVELD TIL MINE LESERE! 

 

 

         

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler