GUAYADEQUE, ET GROTTELIV.

03.04.2019, 08:07

2 kommentarer

EIN TIDLIG MORGEN i Puerto Rico. Men eg kan høyra at fuglane er vakne, og dei store søppelbilene er snart ferdig med morgonens henting av alt avfallet vårt. Her går det meste i store containere, og ein veldig liten del blir sortert. Men håper kanskje dei blir meir miljøbevisste her etterkvart?

GAYADEQUEDALEN. Ligger som ei ti kilometer lang ravine som strekker seg oppover i fjellet mellom Aguimes og Ingenio, på austsida av Gran Canaria.  I dalbunnen ligger bebudde grotter, her er også kapell og restaurant. Dalen er frodig, og heim for mange vekster. 

MELLOM FANTASTISKE FJELLFORMASJONER går vegen mot fjelltoppen. Her ligger det to grotterestauranter. Begge er fylt av spennande og mørke hulrom, og rikt dekorert. Bare opplyst av lamper, er skyggene lange, og det skaper ein spesiell stemning. 

EIN FÅR SJØLSAGT kjøpt dei tradisjonelle souvenirene, i tillegg til nokon lokale delikatesser. Men synes egentlig utvalget ikkje var så veldig spennande...

MEN EIN GOD LUNSJ her på fjelltoppen var midt i blinken, og utsikten er heilt fantastisk! Denne dalen er heilt unik. Urinnvånerne brukte i utgangspunktet grottene til dei døde. Mange blei balsamert, og fekk sitt kvilested her. Idag blir nok dei døde frakta andre steder, og grottene er fast tilholdssted for nokon, og ferieboliger for andre. Og urinnvånerane hadde nok sperra augene opp hvis dei såg grottene i dag. For her er det strøm og TV-antenner. Her myldrer det av turistar i bussar og bilar. Her snakkes det på mange tungemål. Dette er big buisness. 

NEDE I DALEN er det også ein stor grillplass som canarierne brukar mykje. Her samlast familien med sitt pikk og pakk, griller og inntar medbrakt mat og drikke. Nyter denne vakre dalen og kvarandre. 

DALEN ER VEL VERD et besøk. Det finnes organiserte bussturer hit, men også enkelt å finna fram om ein leiger bil. Nokon av hulebebuarane åpner gjestfritt grottene sine, andre vernar om privatlivets fred. Oppe i skråningene kan ein treffa på canariere som steller med sitt, vatnar planter, og rydder rundt heimen sin. Livet går sin vante gang her i dalen. 

MED VÅRE FANTASTISKE TURKAMERATER, Lindy og Steinar, tilbrakte me nokon svært hyggelige timar i dalen. Gjekk litt i trapper og kikka på grottene. Beundra det flotte kapellet. Hilste og smilte til canarierne, og inni oss var me svært fascinerte. Her ligger det mykje historie. Ikkje så vanskelig å forestilla seg korleis det var her lenge før me turisthordene dukka opp. Ein kan nesten føla historiens sus på dette stedet!

😎😎😎😎😎😎😎

DET ER UTRULIG KJEKT å dra på utflukter rundt på øya. Denne vakre, fascinerande øya. Men det blir ikkje så ofte. I dagliglivet vårt blir det helst andre ting. Ikkje alltid helsa spelar på lag. Då er det best å væra i heimen vår her nede. Og no nærmar det seg igjen slutten av denne sesongen. Heimreise, mot nord, er nær forestående. Svært mange av våre venner og kjente er allerede reist. Det stilner på øya. 

IDAG SKAL EG IGJEN besøkja ein eg har truffe svært ofta her nede. Ein eg er litt redd for, men trenger. Tannlegen! Bare litt kontroll i dag. Men er svært glad for at eg endelig fekk mot til å oppsøkja tannlegen på VINTERSOL i Arguineguin. Eg har fått god hjelp av dei svært dyktige medarbeidarane der. Anbefaler virkelig andre med min tannlegeskrekk å oppsøkja denne klinikken. Og det er råbillig i forhold til Norge!

🌤👍👍👍👍

VIL FÅ ØNSKA alle ein fin onsdag, både dei som skal reisa fra øya, og dei som kjem. Må sola skinne på dåke alle!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler