Et tips, "Tipsy Elements"!

09.04.2019, 09:51

3 kommentarer

          Det nya senteret i Puerto Rico, " The Market", er stort sett ferdig. Og i andre etasje, med ein stor, fin terrasse, fant me ein kveld fram til " Tipsy Elements". Gode, solide stoler, flotte barkrakker med stødig rygg. Her faller ingen av barkrakken, her sitter ein godt og trygt. Førsteinntrykket var smilande og energiske servitører, og ein knallstilig innredning. Fra terassebordet vårt hadde me ein flott utsikt over dalen.

          Mat og drikke er jo førstevalget vårt. Baren kunne tilby ein del småretter, som ikkje var så små, likevel....Nokon av oss valgte fish&chips, med god rødvin å drikka. Og maten var god. Og rikelig.

          Det er noko fint med å sitja på ein luftig terrasse saman med gode venner, og nyta et godt måltid. Og da sola forsvant bak åsen, blei terrassevarmeren tent. Og varma svært godt. Servicen var upåklagelig, ein humørfylt servitør med glimt i auga passa godt på oss, sjøl om han hadde det svært så travelt. For eg trur nok denne nye plassen blir svært populær. Her kan ein nyta ein god cocktail, et glas vin, eller ei iskald øl. Prisnivået var heilt greit.

          Og så kom det ein ung mann, svensk sådan, fant fram gitaren, og spilte vakre, lavmelte sangar for oss. Ikkje så høgt at det forstyrra, men som vakker bakgrunnsmusikk for leende og glade gjester. Og ein liten titt i barmenyen gav som resultat ein frisk mohjito.....

          Blir nok fleire besøk her framover. Og kanskje også besøkja dei andre restaurantene som finnes på det nye senteret. Spennande! Men et godt tips er, " Tipsy Elements"!

👍👍👍👍👍👍👍👍👍

          Me har fortsatt flott vær her sør på øya. Lenger nord har det vore litt meir regn, noko øya sårt treng til. Enkelte dagar drar mørke skyer seg over himmelen her i sør også, men det har vore lite nedbør. Så strand- og solfolket er fortsatt lykkelige. Temperaturen ligger rundt behagelige 25 grader. Ser at også i Norge begynner det å våras. Heldigvis. Sånn at me kan gleda oss litt over at me snart drar mot nord.....

          Så har Vårherre gitt oss ein ny tirsdag, ein ny, ubrukt dag. Håper den blir fylt av glede for mange. Også dei som strever. 

           VAYA CON DIOS!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler