POPSTJERNER!

27.05.2019, 11:52

5 kommentarer

For 50 år siden var det ein gjeng flotte, unge herremenn på Karmøy som var over gjennomsnittet glad i musikk. Og som, i lønndom på kammerset, drøymte om å bli popstjerner. Så sjølsagt starta dei et band. No, 50 år etter, er dei fortsatt flotte, ikkje heilt unge, men fortsatt glad i musikk. Sjøl om det har vært mange forskjellige musikere innom bandet, er det fortsatt nokon med av originalbesetningen. Bandet gjekk i oppløsning ein del år tilbake, men ikkje desse herremennene. Og kvar for seg har dei i alle år kjent på ønsket om et comeback. Slik alle andre store, litt avdanka stjerner gjere.

Så no vert det snart et gjenhør med "ZERO". Dei herja rundt på dansane i distriktet, til dei danseglade sin store fornøyelse. For her var det rock&roll, og klinedansar. Siste dans var alltid svært populær, det var liksom siste sjanse til å dansa med den ein hadde kikka på heile kvelden. Og ein kunne dansa så sakte, så sakte. Klina tett inntil...

Høyres det kjent og fristande ut? 31 mai og 1 juni spelar dei opp på GUTENBERG i Åkrehamn. Det er fortsatt nokon billettar igjen, ( skambillig!) til kr 100,- Så stikk innom Gutenberg og kjøp før det blir utsolgt. Dette blir et gjenhør med musikk fra vår ungdom!

✌✌✌✌✌✌😀😀

For oss har no bobilsesongen starta. Men me kjeme ikkje heilt i gong før dette årets musikalske happening er over. Og da meiner eg sjølsagt ZERO på Gutenberg, om nokon lurte. Denne helga tok me turen til Skånevik, som ligger så vakkert til ved fjorden. Det siste vegstykket fram er eit svingete, smalt mareritt, så da var det greit å liggja bak den stødige sjåføren, Arve. Og nyta det praktfulle bildet bak på bilen hans!

I Skånevik fekk me også nyta litt livemusikk. Først på " House of Blues", ei ettermiddagsstund. Frank og Reinhardt underholdt oss med musikk, allsang og historier. Og stemningen blei høg, den...

Deretter var det den obligatoriske ettermiddagskvilda. Iallefall et " must" for meg. Hadde nokon fortalt meg for nokon år tilbake, at eg skulle kvila på ettermiddagen, hadde eg ledd rått av dei. Snakk om å kasta vekk tida, hadde eg tenkt. Og no er eg der i livet, der ein i yngre dagar aldri trur ein havne, i seng om ettermiddagen. Får eg kvila, klar eg kanskje å væra oppe til etter Barne-TV. Satt på spissen. 

Men kvila gjorde godt, og eg såg lyst på å besøkja hotellet i Skånevik om kvelden. Her skulle me treffa, og nyta musikalsk, Susan og Hans!

Bur du på Haugalandet, vett du garantert kven Susan&Hans er. Iallefall hvis du er født før år 2000. Dei har spelt saman i mange år, og enda tidligare gjorde dei karriere som profesjonelle musikere. Og så er dei så forbaska flotte! På scenen glitrar dei, og har gitt oss mange gode opplevelser. Så sjølsagt møtte me, blodfansen opp på hotellet. Først middag med våre bobilvenner, uten at mate gjorde så stort inntrykk. Så ingen matbilder på bloggen i dag. Men rødvinen var god, den, og det var et hyggelig selskap me delte bord med!

Som sagt, eg er ei kveldstrøtte sjel, så da første, imponerande økte var ferdig, var eg og det. Fint ferdig. Så eg fant stille og rolig vegen til bobilen, der den gode senga ropte på meg. Men det blei nok både rock&roll og klinedansar den kvelden på hotellet. Susan og Hans leverer alltid!

👏👏👏👏👏👏👏👏👏

Det er ganske så kaldt om dagane her på Karmøy. Solgløtt innimellom, men me lengtar etter varme. Livet er så mykje lettare da. Likar ikkje å måtte kle meg i varm ull for å gå utendørs. Skal ikkje skryta på meg så mykje friluftsliv, blir helst inne i sofakroken, eller på inneglassa terrasse. Og mange tankar svirrer i hovudet slike dagar. Leser endel på nettet og i aviser, og sit med ein følelse av at noko er riv, ruskende gale i samfunnet vårt. Tenkjer på dei som er blitt sjuke og ikkje kan jobba. Som mister AAP, og står uten inntekt. Voksne som har jobba hardt i mange år, og der helsa sviktar. Så møter ein eit system der ein ikkje blir behandla med verdighet, men som ein paria! Folk som har streva og slitt, og hatt tiltru til systemet. Som no er i kjellaren, og trenge hjelp. Så blir ein ydmyka, fratatt alt ein har slitt for, og henvist til det som for mange er toppen av ydmykelse, sosialen. Eg gråte nesten for desse. Å ikkje bli trudd, å bli behandla slik i et overflodssamfunn. Fy dåke politikere som ikkje tar tak i dette! Fy dåke som ikkje skjønner kva dette gjere med våre medmennesker. Fy dåke som tråkker på dei som ligger nede!

Eg måtte bare skriva dette. For eg klare ikkje å forholda meg likegyldig til desse skjebnene. Eg måtte sjøl, med stor bitterhet, uføretrygda meg. Livet falt nesten i grus. Eg savner jobben min nesten kvar dag, og skulle så gjerne bytta. Men eg slapp den store kampen som våre medmennesker må ta. Og eg synes det er råttent av samfunnet å behandla folk så uverdig!

Når det er sagt, sjølsagt skal ein hjelpa folk til å komma tilbake i arbeid. Men mange har ødelagt helsa, og har ingen mulighet til å få ein jobb. Ingen arbeidsgivere vil ha dei. Så kjære NAV, hjelp desse menneskene til å få sin verdighet igjen!

Og ellers ønsker eg alle ei fine veka, og litt sol og varme!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler