Unterwegs...

11.07.2019, 18:15

2 kommentarer

     Kjell og eg har god plass og alle bekvemmeligheter i MR. CARVER. Vår flotte bobil tok oss sikkert fram på danske, og no, tyske veger. Me sete utrolig godt, me kan laga mat, dusja og gå på toalettbesøk i bilen vår. Eg sit som ei prinsesse på erten, høgt over vegbanen, og kan nyta utsikten, eller sjekka Facebook og diverse sosiale medier. Kjell er kongen, der han med sikker hånd styrer bilen framover.

     Danmark er et herlig ferieland. Sjøl om det faktisk ikkje er billigaste plassen å feriere. Den danske krona er dyr for oss nordmenn. Etter vårt opphold i Hou, der me hadde nokon fantastiske dagar, kjørte me sørover til Aabenraa. Like ved grensa til Tyskland, ligger denne hyggelige, lille byen. Med ei fantastisk flott sandstrand! Bobilparkeringen ligger i marinaen, og tilbyr mange fasiliteter. Blant anna ein restaurant, der maten var utrolig god!

     Marianne og Arve følgde oss på vegen dit, og jammen traff me på June Monica og Geir Bjarne og! Dette måtte jo feiraste med ein felles middag....

     Bra utvalg på menyen. Kylling på meg, og fleire valgte fish&chips . Hadde egentlig ikkje så store forventningar, men det var rågodt!!! Anbefaler et besøk der, om du er på dei kanter. Og alltid hyggelig i godt selskap.

     Så skjer det uungåelige. Me deler oss opp, me drar på sør, dei andre mot nord. Me satsar på å komma oss til Kroatia, dei andre har andre planar. Men veldig kjekt å treffa dei!

      På tyske motorvegar er det svært ofte "stau". Lange køar. Det skjer ulykker, men svært ofte er det vegarbeid. Det føles som dei aldri blir ferdige. I motsetning til norske vegar, der dei visst aldri kjeme i gong med utbedring av vegstandarden....

     Vegstandarden her i Tyskland er jo utrolig flott. Og den inviterer enkelte sjeler til å finna fram villmannen eller dama i seg. Til å kjøra uvørent fort. Det er jo ein spesiell følelse å trykkja gasspedalen i bånn i ein villig bil eller sykkel. Men så farlig. Å væra umerksom i et sekund kan væra fatalt! Igår var det ei ulykke på motorvegen i nærheten av Leipzig. Køen på motorvegen stod heilt stilt i over ein time. Sykebilene kjørte forbi med sirener. Politiet tråkka seg fram mellom bilane. Og eg kjente på ein uhyggefølelse. Og bad litt til Han der oppe. Håper ikkje det gjekk menneskeliv!!

     Me er heldige. Som treffer venner, skiljer lag med dei, og deretter treffer på andre kjente og kjære. Her i Tyskland traff me Susan og Hans, i feriemodus, og fekk kjøra og ta et par overnattinger saman med dei. Me takla køkjøringen saman, hadde rastepausar saman, og fant fram til hyggelig campingplass saman. Og i feriemodus er me jo svært avslappa. Bare nyter natur, god mat og god drikke. 

     Men så er timen kommen. Me kjører til venstre, Susan og Hans til høgre. Avskjedsreplikker og klem er utveksla, med ord om på snarlig gjensyn. Og rare meg, augene blir fylt av væske. Sliter med å ta avskjed, uansett lengde. Småpinlig nokon gongar, eg er ein " møsunge", som dei sa heima på Bømlo. Grine for ingen ting. Vil nok helst ha dei som er meg kjær, rundt meg alltid.....og blir verre, dess eldre eg blir. Koss skal det enda?....

    Me har parkert i Bernau for natta. Hyggelig plass like utenfor døra til restauranten. Så blir et måltid der i kveld. Starter nok tidlig opp i mårå, så får me sjå kor langt me orkar å kjøra. Et fantastisk landskap her, så får håpa at været er bra, og me får nyta utsikten fra MR. Carver.

     Ser ut som Norge får finvær no. Håper at alle med ferie, og dei som må jobba, får nokon gode sommardagar. At våre kjære der heima virkelig får varme og sol. Og sjølsagt me her lenger sør. Me lengtar etter godvær. Livet er bedre med sol!!!

     Ønsker alle ein god sommarkveld! Neste blogg kjem antagelig fra Kroatia, følg meg om du har lyst!

 

     

Del artikkel:

BloggiShop

Relaterte artikler