Nyforelska!

24.07.2019, 07:28

2 kommentarer

KROATIA! Denne delen av det tidligare Jugoslavia, som var prega av bitter strid mellom naboar, og der grusomme krigshandlinger blei begått. No framstår landet som turistidyll, med fantastisk natur, sjarmerande små byar, og svært vennlige innfødte. 

Me er nok blitt forelska i dette landet. Me har falt hardt, denne gode følelsen av kjærlighet, pirrende og fornyende. Me svimer rundt med munnen som ein rund o, me klarar nesten ikkje fordøye alt det vakre me ser. Historie, vin, mat, ja, det strøymer på så me knapt kan anda...

Me har farta rundt på vakre Istria-halvøya. Med sine flotte, store campingplasser,

 lange strender, og rolig tempo. Med dei vakre byane Fazana, Rovinsj og Pula. Flotte, gamle bygningar og smale gater. Idyll og historie. 

Mr. Carver frakta oss dit, heldigvis med ein svært stø sjåfør. For det er ein lang kjøretur. Me har det me treng i bilen, kan stoppa når me vil, gå på do når det trengs. Den aldrende frøken Halvorsen har hatt det komfortabelt i forsetet, med beina opp mot dashbordet. Og mobilen innen rekkevidde. For eg vil jo gjerne dela litt av alt me ser og opplever, da er mobilkameraet godt å ha. 

Og eg sitter ofte og undres over korleis det var for et par tiår siden. Da folket her opplevde hatet og redselen. Mange har det nok i ferskt minne enda. Da naboen plutselig blei fienden. Da familier blei splitta, og krigens redsler var så nær. Ein heil generasjon må jo ha blitt sterkt prega av dette. Og no kan dei leva i fred og harmoni. Men eg undres over kor mykje dette pregar menneskene her!

Som turistar slepp me å forholda oss til dette. Me bare nyter og beundrer. Og når bekjente anbefaler ein ny plass, er me ikkje så vonde å be. Me setter oss simpelthen i bilen, og kjører mange mil sørover. Saman med våre fantastisk hyggelige bobilentusiaster, Susan og Hans, dro me til Trogir. Dette er nytt område for oss. Og for ein plass! 

 

Mange nordmenn har funne sitt paradis her. Her vil dei leva, her vil dei bu. Fra Karmøys beste vestkant kom Asbjørg og Geir Ove Valstad hit, til den lille byen Okrug. Her har dei budd i fleire år, og hjelpt mange forvirra og trengende turister med bolig og informasjon. Dei er flinke og kunnskapsrike. Ein føler at dei virkelig har fatta stor kjærlighet til byen og landet. Og dei har tatt seg av oss, som er på jomfruturen vår her. Brukt masse av tida si til å visa oss gode restauranter, tatt oss med på båtturen til Trogir, introdusert oss for viner og matretter. Me er evig takknemlige!

Og turen til Trogir blei virkelig ein himmelstormende forelskelse. Me ankom i kveldinga, da temperaturen var gått litt ned. For her er det varmt! Opp mot 35 grader på dagtid, da er det greit å kunna plaska litt rundt i det salte havet. Og temperaturen i sjøen er herlige 28 grader. Heilt utrulig, synes me vestlendingar, som er meir vante med 15 iskalde grader i sjøen på Karmøy....

I Trogir var det masse folk. Her er det smale brosteinsgater, masse smug og stikkvegar. Gamle, ærverdige bygg, med katedralen som et imponerande skue. Markedet var bugnende fruktbønder, ferske grønnsaker, oljer, viner og alt et turisthjerte kan ønska seg. Når kvelden senka seg over byen, blei lysa tent. Utrolig vakkert mot all steinen. Og me inntok et herlig måltid i den varme kvelden. Med venner, mat og den gode vin. Og vatn! For ein blir lett dehydrert i varmen. Då er det viktig med mykje vatn!

I denne morgenstund, mens eg ser turisthordene vakna til liv, prøver eg å sortera litt av inntrykka. Prøver å fatta at eg får væra del av alt dette. Og føler på ein sterk takknemlighet til Han der oppe som passar på oss, lar formen min væra god, og som har vore så raus med skaperverket sitt. For så vakkert det er her, hadde eg aldri drøymt om!

Litt spenning er det også på morgenkvisten. Me treng ikkje dra heim heilt enda. Her på campingplassen er det antagelig heilt fullt, så det spørs om det er plass til oss, i tilfelle me vil væra nokon dagar til. Så kor skal me dra? Får sjå kva resten av bobilfolka våre meinar, når dei står opp!

Uansett er eg fornøyd. No har eg drukket " ørten" koppar kaffi, og kroppen begynner å vakna til liv. Håper at våre kjære der heima får oppleva litt sol og varme, juli begynner å dra mot slutten, og august måned venter. 

Så grip dagen, der du er, ønsker alle ein vakker dag!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler